Alexander Søderlund testar sekken i den nye avdelinga som både har boksering og judomatter. Frankrike-proffen går inn på eigarsida i «Trimmeriet».
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Alexander Søderlund testar sekken i den nye avdelinga som både har boksering og judomatter. Frankrike-proffen går inn på eigarsida i «Trimmeriet».

Slår seg opp i treningsbransjen

Alexander Søderlund har kjøpt seg inn i «Trimmeriet» i Haugesund. Fotballspelaren satsar noko av løna han tener i Frankrike, på at andre også skal kunne lukkast.

– For det første kjenner eg den andre eigaren, Harald Andreassen godt, frå mange år tilbake, då han har vore personleg trenar for meg. Me har snakka lenge om at dette hadde vore noko for meg å vere med på. Det har alltid vore spennande, men ikkje heilt passa inn for meg. Men nå var tida der, og etter eit par samtalar i haust gjekk det fort. No går eg inn på eigarsida, og eg og Harald eig då 50 prosent kvar av «Trimmeriet», seier Søderlund.
Og for tysværbuen handlar ikkje berre dette om ei investering.
– Nei, dette skal også vere mitt bidrag til å kunne gi av den erfaringa eg har fått gjennom mange år. Her kan ein trene og bli god i sin idrett, og dei nye lokala her blir heilt fantastiske. I tillegg skal eg starte eit fond som gjer at unge talentfulle spelarar skal få ein sjanse til å få prøve seg som gjest i min nye klubb Saint-Etienne, seier Søderlund.
– Kva type senter er dette?
– Her er det meir fokus på idrett enn det som kanskje er typisk for eit treningssenter. Her er det mindre fokus på kropp og meir på idrett gjennom kvalitetstrening og leik. Eg har sjølv hatt stor glede og nytte av å trene i slike senter, difor veit eg kva dette står for. I tillegg er som sagt Harald Andreassen ein eg kjenner godt, og som eg veit kva kan, og kva verdiar han har. Så dette er ei investering eg går 100 prosent inn for, seier «Trimmeriet»-eigaren.

10-12 mill
Harald Andreassen har investert i overkant av ti millionar kroner i det «nye» senteret i Skjoldavegen. Når senteret opnar for fullt i april vil omlag 25 personar jobbe for verksemda.
– Dette er instruktørar i diverse stillingar som skal vere med og gi eit spennande tilbod for alle aldersgrupper. For meg var det viktig å få Alexander med på laget. Han er ein profil og ein folk kjenner godt. Hans krunglete veg til toppen passar godt inn i profilen her. Det er ein jobb som må gjerast om ein skal lukkast. Me skal ha fasilitetar både inne og ute, og det er spesielt. Me gleder oss stort til opninga, seier Andreassen.
I dagens lokale er det stor aktivitet, men den kan neppe målast med det som blir kvardagen når dei nye areala blir tatt i bruk.