Knut Egil og Ole Andreas Stakkestad er oppgitt over kor farleg Stakkestadvegen er. Denne steinen raste ned i vegbanen for ei dryg veke sidan.  Foto: Mona Terjesen
Knut Egil og Ole Andreas Stakkestad er oppgitt over kor farleg Stakkestadvegen er. Denne steinen raste ned i vegbanen for ei dryg veke sidan. Foto: Mona Terjesen

Fryktar dødsulykke

Bebuarar ved Stakkestadvegen fryktar det vil skje ei dødsulykke før den smale vegen deira blir sikra. Nyleg raste ein svær kampestein ned frå fjellsida og uti vegbanen. Ingen blei skada, denne gongen…

Av Mona Terjesen
– Det er jo berre eit spørsmål om tid før det går alvorlig galt. Tenk om nokon hadde fått denne steinen over seg, han veg eit par hundre kilo. Ingen ville overlevd det, seier naboane Ole Andreas Stakkestad og Knut Egil Stakkestad.

Vêret
Sistnemnde driv gard no, og Ole Andreas har drive tidlegare. Begge har i mange år vore frustrerte over kor smal og farleg Stakkestadvegen er.
– Etter at ein gut sykla ut i vegen for nokre år sidan, kom endeleg eit autovern på plass. No lurer me på kva som skal til for at vegen blir ras-sikra, sukkar Ole Andreas, og peiker oppover skråninga.

Les heile saka i papiravisa