Barne- og ungdomsorganisasjonen 4H opplev for tida ei omlegging, nye kontor, færre tilsette og andre oppgåver vert kvardagen når 4H Rogaland ikkje lengre har kontorplass hjå Fylkesmannen. Samstundes vel årsmøtet tidenes yngste fylkesstyre i Rogaland.
4H er ei medlemsstyrt organisasjon, kor ungdomen sjølv driv lokalklubbane. Steget til eit fylkesstyre, drifta av ungdom, vart difor kort.
– Det er kjempespennande, seier organisasjonsrådgjevar, Katrine Sægrov. Dette er ungdom som, trass ung alder, 16- 21 år, har masse organisasjonserfaring både i 4H og andre organisasjonar. Dei er engasjerte og har mange idear for korleis me skal arbeide vidare i 4H.
Nyvald leiar, Maiken Vigre, gler seg til eit år fylt av kurs og leir, stands, og prosjekt som Grøn framtid og 4H-gard i vekst.
– Stemninga er god, me er klar for eit utfordrande og spennande år i 4H. Omorganiseringa vart utfordrande, samstundes får me ei moglegheit til å utvikle organisasjonen. Og med mottoet «læra med å gjera» godt innlært, er me ikkje redd for nye utfordringar!
Tekst/foto: 4H Rogaland