– Me spelar det som kan kallast klassisk gitarbasert countrymusikk. Det blir både songar av Johnny Cash og Buck Owens, som me trur er mange sine favorittar. Me er tre karar frå Nedstrand som har dette som ein kjærkommen hobby, og me likar å spele for folk. Dette må være midt i blinken for ein musikalsk lunsj, seier Knut Edvin Norbotten og Oddvar Helgeland.
Me kan love ein fantastisk lunsj. Som vanleg er dette eit samarbeid mellom Tysvær Bygdeblad og Tysværtunet.

Howdy er klar – er du?
Per Steinar Norbotten. Knut Edvin Norbotten, Oddvar Helgeland og bandet Howdy er klar med klassisk honkytonk country i kafeen i Tysværtunet. Lunsjkonserten starter klokka 11.30.