Varaordførar Ola S. Apeland meiner kommunen må tvihalde på den gode dialogen med Bokn, og vere klar på at Tysvær ønskjer ei samanslåing med dei.
– Overtallige tilsette må seiast opp. Me har som mål å bli ein normalinntektskommune, seier Ola S. Apeland (H).

Takkar nei til Sveio

Då diskusjonen rundt kommunereforma var i startsfasen, foreslo KRF å sjå på ei samanslåingsløysning med Sveio og Bokn. Først no, lenge etter at Tysvær landa på sitt alternativ, frir Sveio til eit samarbeid.

Sveio uttrykte aldri noko stor iver for ein felleskommune med Tysvær og Bokn, då ein var i diskusjonsfasen i fjor. Men no, lenge etterpå – kjem dei plutseleg på banen. – For seint, samtykker formannskapspolitikarane.
– Me er invitert til ein diskusjon om mogleg samanslåing med Sveio, den 7. april, fortalte ordførar Sigmund Lier under formannskapsmøtet på tysdag.
Responsen var mildt sagt lunken.
– Me snakkar godt ilag med Bokn, har ein svært god tone og konkrete planar saman med dei. Ordføraren hadde heile kommunestyret i ryggen då intensjonsavtalen blei signert. Det er dette me vil, og då må me også vise Bokn tydeleg at dette er det einaste alternativet for oss. Dermed er det ingen vits å møte Sveio for å diskutere. Nokre gonger er det høfleg å takke nei, kommenterte Ola S. Apeland (H).

Les meir i papiravisa