Lavrans Eikje er ny leiar i Tysvær KKK. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Lavrans Eikje er ny leiar i Tysvær KKK. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg

Gode tider i kajakklubben

Lavrans Eikje er valt til ny leiar av Tysvær Kajakk og kanoklubb. Klubben hadde eit overskott på 200.000 kroner i 2015.

Klubben har nyleg hatt sitt årsmøte. Eikje er ny leiar i klubben, som i tillegg til gode sportslege resultat, også har ein sunn økonomi. Fleire i klubben tok atval. Nye i styret er Helge Milje og Roar Kyvik.
Tysvær KKK skal i år arrangere to store stemner. Norges cup 1 blir arrangert 14. – 15. mai og ein avsluttar sesongen med NM i lagbåt 24. – 25. september.