Dette er ei utmerking som henger svært høgt. Blant dryge 9.000 mjølkeleverandøra her i landet, er det 100 som har innfridd krava i 2015.
Mange krav må oppfyllast
Det er ei rekke krav til kvaliteten av mjølka for at den blir klassifisert som elitemjølk.
Celletall, bakterieinnhald, sporeinnhald, syretal og frysepunkt blir kontrollert fleire gonger i månaden, og mjølka blir kontrollert for innhald av medisinrester ved kvar mjølkehenting.
Kravet for å motta 20 års-plakett er at ein må ha levert elitemjølk i 20 av 22 år. I tillegg til krav om elitemjølk, er det også krav om KSL-godkjenning (Kvalitetssystem i Landbruket) og eit bra fjøsstell.
Fin framgang i 2015
Den beste mjølka blir klassifisert som elitemjølk. 95 prosent av kumjølkvolumet i 2015 var elitemjølk, ein fin framgang frå året før.
– Å levere elitemelk over lang tid krever både fagkunnskap og gode rutiner i gardsdrifta. Melkeprodusentene er svært bevisste på hva god melkekvalitet betyr, og de gjør en stor innsats hver dag. God kvalitet på melka vi får inn til meieriene våre er avgjørende for kvaliteten på produktene. Derfor premierer TINE melkeprodusentene for å levere god melk, sier styreleder i TINE, Trond Reierstad.
For utan 20-årsplakettar vart det òg delt ut TINEs plakett for elitemjølk i 5 av 6 år til Jarle Kaltveit frå Nedstrand og TINEs plakett for elitemjølk i 10 av 12 år til Våga Samdrift på Austre Bokn i Bokn Kommune.