Sjølv om det har vore eit sterkt fokus på innbrott både før og i påsken, har nokon tatt seg inn i tre bustadar på Hamrane, og i to garasjar i Førre. I tillegg har det vore folk og «snoka» i fleire hagar.
– Det er trist å melde at slik blei det i år også. Folk har vore flinke å sjå etter, og politiet har fått tips. Likevel er det nokon som har klart å ta seg inn på desse adressene og tatt med seg diverse, seier lensmannsbetjent Atle Thorbjørnsen.
– Er det nokon fellestrekk?
– Ja, det er det. Dei bryt seg ofte inn gjennom soveromvindauge nåk, det er fjerna gull og sølv, noko som også er blitt meir vanleg i det siste. Eit par gifteringar er blandt det som er meldt stole frå Hamrane. Alle dei tre bustadane låg tett på kvarandre.
– Det var ein del meldingar om folk som ikkje høyrte heime i vårt distrikt før påske. Ser politiet nokon spor etter dei?
– Nei, det er for tideleg å seie noko om. Me har to handfaste tips me nå vil gå ut med. Me ønskjer tips om ein mørk blå eller svart Subaru Forester som er observert fleire gonger på Frakkagjerd, i og før påsken. Me ønskjer også tips om ein mannsperson som har vore inne i hagar. Han har på seg ei svart joggebukse med ei tydeleg raud stripe på. Han hadde også på seg ein grønfarga genser/jakke.
Les heile saka i papirutgåva.