Håkon André Waage er i gang med å forklare Tom André Hauge korleis han har planlagt årets sesong. Å få Hauge med på laget er ein god signering for klubben.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Håkon André Waage er i gang med å forklare Tom André Hauge korleis han har planlagt årets sesong. Å få Hauge med på laget er ein god signering for klubben.

Tom André Hauge klar for Skjold

Det er blitt sagt at Skjold har talenta, men manglar rutinen i årets 4. divisjon. Då er det ei gladmelding at Tom André Hauge gjer comeback i gult.

31-åringen er i ferd med å avslutte fem år med kiropraktorstudie i Bournemouth i England og flyttar heim til Noreg i løpet av sommaren. Då blir han Skjold-spelar igjen. Men allereie på fredag kan han gjere comeback mot Avaldsnes.
– Eg skal inn i ei rolle som assistenttrenar, og det ser eg fram til. Samstundes er eg sugen på meir spel sjølv også. Eg har følgt godt med på kva som har skjedd på Haugalandet og det ser spanande ut. Mange lokaloppgjer, stor entusiasme og ikkje minst lokaloppgjer mot Stegaberg. Dette trur eg skal bli kjekt, seier Hauge.
– Kva har du å tilføre laget?
– Først og fremst rutine. Det kan vere på trening, men også kampsituasjonar. Så har eg gjennom utdanninga mi fått ein del kompetanse på førebygging av skader. Eg trur eg har ein del å komme med.
– Kva veit du om Skjold anno 2016?
– Det eg har høyrt og lese er veldig spanande. Mange gode unge og ivrige spelarar, som vil kjempe om ein plass på laget. Eg speler ikkje om eg ikkje er god nok, det er heilt klart, men når ein har eit så ungt snitt på alderen som i Skjold, vil nok rutine komme godt med. Enten på banen eller på sidelinja.

Viktig
For trenar Håkon André Waage var det viktig å få Hauge med på laget, nettopp av dei grunnane.
– Det som er nå er at spelarane høyrer berre min stemme. Nå får me inn ein kapasitet som kan mykje fotball, og som veit kva som må til. Eg trur heile miljøet rundt laget vi ha godt av Tom sitt nærvær. Spesielt når han kjem for full til sommaren, seier Waage, som ser føre seg Hauge i ei forsvarsrolle mot Avaldsnes.
– Kor mange kampar får du med deg før du reiser til England igjen?
– Det blir dei tre neste nå. Først Avaldsnes, så Stegaberg og så er det vel Torvastad borte før eg reiser bort igjen. Det blir stas å møte gamleklubben Stegaberg. Eg snakka litt med dei også, men det blei Skjold. Mest fordi det er svært spanande det som skjer i klubben her nå.
– Du bur nå i ein by kor det er stor fotballinteresse. Korleis er det?
– Etter at Bournemouth rykka opp har det vore heilt umuleg å få tak i billettar. Måtte til Old Trafford for å få meg ein kamp i år. Det er kjekt å merke stemninga i byen når det går bra. Håper me klarar å skape god stemning også i Grinde. Eg gleder meg i alle fall mye, seier Tom André Hauge.

HUSK DENNE: https://tysver-bygdeblad.no/tippekonkurranse/