Dette er Skjold-troppen til kampen mot Stegaberg:
Aleksander Gundersen
Christian Askeland
Daniel Aarås
Espen Sørenes
Stian Knutsen
Håkon Bådsvik
Tom Andrè Hauge
Berge Ohm
Vebjørn Rullestad
Vegard Steinsland
Jonas Staurland
Mats Steinsland
Sondre Bådsvik
Sander Hettervik
Jonas Wergeland
Ali Amir
Halvor Hansen
Må vinne
Det er ingen tvil om kor presset er før kveldens kamp. Skjold må berre vinne, slik maktbalansen er om dagen. Men det kan dei leve godt med.
– Kor stor skilnad er det på laga i teorien, Skjold-trenar Håkon André Waage?
– Den er så stor at alt anna enn siger er dårleg for oss. Det er heilt rett at slike kampar som dette lever sitt eige liv, men me er eit betre lag og da skal det vere ein skilnad. Men fotball er så brutalt at om me fell 20 prosent og dei hentar ut 20 prosent ekstra, så er dette heilt opent. Målet må vere at det ikkje skjer.
– Korleis ligg du an med spelarmaterialet?
– Nå trur eg alle unntatt Jarle Hundsnes er klare til kamp. Berge Ohm har vore sjuk i to veker og eg tviler på at han er med. Me har ein politikk i laget at me skal rotere ein del, og det betyr at me gjer ein del skifter, sjølv om me har starta sesongen svært bra.
– Kven då?
– Det får ein sjå på fredag.
– Kva betyr denne kampen for laget ditt?
– Det er kjekt at me kan ha eit lokaloppgjer. Det betyr nok meir for spelerane enn for meg personleg, men me merkar at det er noko spesielt på gang. Dei som taper denne kampen vil nok kjenne på det ei stund, seier Waage.