Dei lytta til skulane, til dei føresette, ungane og dei erfaringane som er knytt til tilbodet.
Resultat: Tysvær kan igjen vise fram eit SFO-tilbod som passar dei som skal nytte seg av det.
Det har ikkje vore noko enkel veg å komme fram til tysdagens vedtak. Det kostar ein halv million kroner ekstra, og for nokre var dette det motsette av det dei stemte for ved sist avstemming. Men dei har vist styrke. Dei har vist at det er innbyggjarane dei jobbar for. Og som ein av representantane seier, så kan dette bli eit pluss reknestykke om ein får den forventa søkinga til SFO frå hausten av.
Det skulle vere naturleg at lokalpolitikarane alltid vil stemme for det folket, som har valt dei inn, meiner. Slik er det ikkje, men denne saka viser kor viktig det er for folk å seie i frå, og for politikarane å lytte. Det nyttar ikkje å drive ein kommune, om ein ikkje har slike tovegskommunikasjonar. Og det nyttar ikkje å gjere vedtak som ein ser er feil, for så å ikkje våge å gjere noko med det.
Difor skal dei som stemte for forslaget om dei nye SFO-retningslinjene tysdag få skryt. Det er lokalpolitikk på sitt beste, og sterkaste. Ein kan diskutere seg blå om det er rett å legge 500.000 på bordet i sparetider. Svaret er ja. Ein kan spare seg til fant, og det var nettopp det som var i ferd med på skje. SFO-tilbodet var i ferd med å smuldre vekk.
Det er også spennande å sjå at SFO skaper interesse. Innhaldet og gjennomføringa i SFO har vore debattert lenge. Mange meiner noko om dette, og det er sterke meiningar. Nå når tilbodet i Tysvær blir så pass valfritt som det nå blei bestemt, blir det også lettare å tilpasse ein god SFO-dag for ungane. Slik samfunnet er blitt, så vil SFO ha ei viktig rolle i mange år framover. Det har Tysvær-politikarane skjønt, og gjort eit vedtak på.
Det er ingen vits å jakte syndebukkar i denne saka. Dei sto tydeleg fram og forsvarte si sak sist. Nå er det på mange måtar rydda opp i. I tide.
Det som bør være læringa i denne saka er at ein må gjere eit mykje betre forarbeid. Ein må våge å stille dei vanskelege spørsmåla, og akseptere dei upopulære svara ein kan få når ein spør.
Og i skulesaker får ein svar når ein spør.
Dette bør då vere eit tips til lokalpolitikarane når dei i tida som kjem skal diskutere ny skulestruktur i Tysvær. Å tru er ein ting. Å lytte og få tak i all informasjon og andre sine meiningar noko heilt anna.
Ein leikar ikkje med skulen. Slik er det berre.
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør