Rundt 15.000 bilar køyrer forbi Førrestjørn kvar dag.
Tolmodige naboar
– Med så stor trafikk var vi veldig spente på trafikkavviklinga, men det har gått overraskande godt. Samarbeidet med entreprenør Vassbakk & Stol AS har vore veldig bra, og naboar og trafikantar har vore veldig tolmodige. No er vi glade for at alt er ferdig etter rundt eit og eit halvt år med anleggsarbeid, seier prosjektleiar Einar Færaas i Statens vegvesen.
For Statens vegvesen er helse, miljø og sikkerheit (HMS) svært viktig. I prosjektet har det
vore utfordringar med sprenging langs trafikkert veg, utfylling i Førrestjørn, omkøyring via lokalveg og oppgradering av tunnel med kort byggetid, men arbeidet har gått veldig greitt.
Fullført utan fråvær
– Vi glade for at vi ikkje har hatt skader med fråvær, berre to mindre skader er registrert utan fråvær, fortel prosjektleiaren.
Førstkomande fredag blir E134 Førrestjørn offisielt opna klokka 11:00 av fylkesordførar
Solveig Ege Tengesdal. Etter opninga er det lunsj for inviterte gjester på Tysværtunet.
Hovudentreprenør har vore Vassbakk & Stol AS. Constrada AS /Smidt & Ingebrigtsen AS har
stått for prosjekteringa. Einar Færaas og Helge Kjetilstad i Statens vegvesen har vore prosjektleiar og byggeleiar.
Prosjektet har kosta 127 millionar kroner. Dette inkluderer grunnerverv, prosjektering,
byggekostnadar, byggherrekostnadar og moms. Prosjektet er betalt av Haugalandspakken og staten.