Bokn/Tysvær – Frå ein økonomisk ståstad

Kommunereformen skal kommunane gjera vedtak på innan 1. juli. Bokn og Tysvær har inngått ein intensjonsavtale om å bli ein kommune frå 1. januar 2020.

Samstundes er det arbeidd med omlegging av inntektssystemet til kommunane dvs. overføringane frå Staten til dekning av kommunale tenester.
Det er nå fleirtal på Stortinget for å gjera endringar her frå 1. januar 2017. Både eit vedtak om kom-munesamanslåing og eit vedtak om ikkje å gå saman vil ha ei vesentleg økonomisk side.
I tillegg har me evt. endringar i lovverk om eigdomsskatt på verk og bruk som kan koma.

Kommunereformen
Kommunar som slår seg saman vil få eingongstilskot på 20 mill. kroner i 2017 og reformstøtte på 5 mill. kroner i 2020.
I tillegg får den samanslåtte kommunen behalda tilskot på 19 mill. kroner årleg i 15 år med nedtrapping dei neste 5 åra, som om dei framleis var to kommunar.
Dette siste sikrar at dagens kommunale tenester kan vidareførast i 15 – 20 år, og soleis gjev god tid til å ta ut effektivise-ringsgevinst. Det blir nå også vedteke at nytt inntektssystem ikkje vil ha økonomisk verknad frå 2017 for kommunar som slår seg saman, men frå 2020 når ny kommune er etablert.

Inntektssystemet
Inntektssystemet påverkar kommunane ulikt pr. innbyggjar. Tysvær Kommune vil tapa rundt 700 kroner pr. innbyggjar (samla rundt 7,5 mill. kroner), medan Bokn vil tapa rundt 4000 kroner pr. innbyggjar (samla rundt 3,5 mill. kroner). Slik er tapet vesentleg større for Bokn. Eit tilsvarande tap pr. innbyggjar som Bokn får, ville for Tysvær innebera rundt 40 mill. kroner i tapte årlege inntekter.
Dette ville krevja omfattande gjennomgang for å sjå både på moglegheiter for store utgiftskutt i tenestene og korleis inntekter kan aukast. Tiltaka ville måtta vera dei same som rådmannen i Bokn skisserte på folkemøtet for Bokn nå: Ikkje-lovpålagde tenester ville bli ramma, store strukturelle grep i alle tenester, eigedomsskatt på alle eigedomar m.a.

Eigedomsskatt
På folkemøtet på Bokn blei det reist eit godt spørsmål om eigedomsskatt på verk og bruk, og konsekvenser av lovendringar her. Regjeringa har sendt på høyring utkast til endringar, som ville ha som konsekvens at Tysvær ville mista rundt 14 000 kroner pr. innbyggjar (ca. 150 mill. kroner) og Bokn rundt 12 000 kroner pr. innbyggjar (ca. 10 mill. kroner) årleg.
Eventuelt om eller når eit framlegg frå regjeringa vil koma veit vi ikkje. Men økonomisk ville det vera katastrofalt for båe kommunar.

Sett i perspektiv
Som sirabu (ja, sjølv etter over 30 år i Tysvær som er ein flott kommune å bu i, er eg framleis sirabu) er vi opptatt av veret. Då er det ikkje regn eller sol, men vind som er det sentrale, og då om båten kan gå. Tysvær sitt tap i inntektssystemet reknar eg som kuling; med ein god båt vil overfarten over fjorden kjennast, men det går greitt. Eit tilsvarande tap som Bokn nå får på inntektssystemet, vil eg seia for Tysvær ville vera full storm over svært lang tid, mykje landligge, og svært krevjande turar over fjorden når båten sporadisk kan gå.
Eit tap av eigedomsskatteinntekter ville for Bokn og Tysvær vera orkan over lang tid, med båten innstilt i uoverskueleg framtid.

Vinn-Vinn saman
Begge kommunar vil tapa på endringar som nå skjer om kommunane held fram aleine. Saman vil vi økonomisk få ein vinn-vinn situasjon.
Hovudbiletet er at vi får behalda inntekter som om vi framleis var to kommunar i 15 – 20 år, nytt inntektssystem verkar først når ny kommune er etablert i 2020, eingongstilskott på 25 mill. kroner, og den effektivisering kommunane kan få til i den tida kommunane beheld inntekter som om dei var 2 kommunar.
Samla er meirinntekt for ein samla kommune sett opp mot at kommunane held fram som eigne kommunar, minimum heile 200 mill. kroner, sett over ein tidsperiode på 15 år. Dette er ein vesentleg sum som kan nyttast til beste for tenestene til innbyggjarane i ein ny kommune.

Tor Leif Helgesen
Økonomisjef Tysvær Kommune