Eit klokt val

Det er i dag 36 dagar igjen til årets Midtsommarfest i Tysvær. For 25. gong blir det aktivitetar for liten og stor.

Frå finkultur til jogging. Frå ungdomskonsertar og skumparty, til historietimar på Hesthammar skule, og i Fredrikke Nielsen salen.
Og la det vere sagt med ein gong. Dette er kloke val av festkomiteen, som nå stolt kan presentere sitt program. Dei har forstått at det er gjennom ungdommen ein får fornya den tradisjonelt godt innarbeida festen, som dette er. Å lokke med gratiskonsert på Lars Hertervigsplass allereie opningshelga bør bli ein stor suksess. Det er samstundes ein invitt til dei yngste i kommunen, som seier at Midtsommarfesten også er for dei.

Etter at toppkonsertane gjekk over i historiebøkene er plassen mellom Aksdal Senter, kyrkja og Tysværtunet, som skapt for slike arrangement. Me såg det under 17. mai-feiringa for to år sidan. Det fungerer, og det blir intimt og flott. Å mikse saman artistar på denne måten, er også eit teikn på at Tysvær bryr seg om sine eigne unge som vil opp og fram. Med Adelén i den eine enden av lista og «Idol»-Ingeborg i den andre, er dette i mine auge eit teikn på nettopp det.

Det er mange som har forventningar til Midtsommarfesten. Dei har sine arrangement som dei går på, år etter år. Dei vil vere med på kveldsvandringar, slusedagar og turar til Borgøy.
I tillegg har komiteen tatt med store folkelege idrettsarrangement, som ikkje berre lokkar dei mest aktive, men også viser fram naturen, som er eit av kommunen sine stolte varemerke.
Sykkelritt i Nedstrand og Tysværtrim på Frakkagjerd passer liksom inn i det totale bilete.
Bilete blir det også på kulturhuset. Liv Sørvåg er populær i Tysvær. Under opninga får ein også eit sjeldan gjensyn med ballettdansar Elisabeth Gjerde. Det er vanskeleg å sjå kven som ikkje ein eller anna gong under festdagane, skal ha eit eller anna arrangement å gå på.
Også næringslivet har fått innpass, og Aksdal Senter er både ein god og kommersiell nabo i så måte. Tivoli i Aksdal må da vere perfekt som kulissar. Det blir slik me ser på fjernsynet. Show på scena og karusellar i bakgrunnen. Så kan ein trøyste seg med at om det blir ei rocka opning på festen så blir det og tider og stunder nok til å sette seg ned og få ein solid dose historiekunnskap. Saman blir dette ein verdig 25-årsfeiring slik me ser det.

Me gleder oss og serverer alle ei spanande Midtsommarfestavis i god tid før det heile startar opp den 17. juni.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør