Arve Kambe har tru på at pengane kjem til å skape aktivitet på Haugalandet. Foto: Karina Søvik
Arve Kambe gir seg på Stortinget etter denne perioden. Foto: Karina Søvik

– Viktige signal

Stortingspolitikar Arve Kambe (H) meiner at dei justeringane som blei gjort i statsbudsjettet vil ha effekt.

Av Alf-Einar Kvalavåg
– Dette handlar om å gi støtte til den delen av landet som er hardast råka av den veksten me ser i arbeidsløysa. Investeringstiltaka til veg er på 125 millionar kroner ekstra til Vestlandet, pluss 25 millionar ekstra til asfalt og vedlikehald i Rogaland. Dette er den delen som gjeld prosjekt som kan startast opp med ein gong, seier Kambe.
Han påpeiker at Tysvær ikkje er «tildelingsvinnar» slik situasjonen er nå. Og det skal me vere glade for.
– Dette er midlar som er delt etter kor alvorleg situasjonen er i den enkelte kommune. Og Tysvær er i den heldige situasjonen at dei framleis har ei arbeidsløyse, som er under kontroll. Ser me til Haugesund så er det mykje verre stilt der. Derfor har dei fått meir midlar. Nå blir det satt av ni millionar til to prosjekt i Tysvær, det eine, som er veglys frå Skre til Førresbotn, er eit trafikksikringstiltak som kan startast opp med ein gong. Det er også satt av fire millionar til undergang ved Førland på E39, seier Kambe.

Les heile saka i papiravisa