Ordførar Sigmund Lier og Peter Sonnenberg i Norconsult er blant deltakerane i Aksdal i dag. Foto: Mona Terjesen
Ordførar Sigmund Lier og Peter Sonnenberg i Norconsult er blant deltakerane i Aksdal i dag. Foto: Mona Terjesen

Parkering – den store utfordringa

Kommunen har store, spennande planer for Aksdal. Etter timar med fagleg input, er det klart at den kanskje største utfordringa for utbygginga blir parkering.

Av Mona Terjesen

Torsdag inviterte kommunen til arbeidsseminar i kommunestyresalen, der sentrumsutvikling og områderegulering for Aksdal, var tema.
Hensikta med seminaret var å inspirere til å tenke nytt om framtidige utviklingsgrep, og å gi folk anledning til å komme med innspel om idear og behov, som ein må ta omsyn til i det vidare utviklingsarbeidet.

Underflateparkering
Dei første timane av seminaret gjekk mellom anna til planfaglege innspel og vurderingar frå Norconsult, Snøhetta Arkitekter og Arkitektkontoret Brekke-Helgeland-Brekke. Dei ser alle store moglegheiter for Aksdal, og la fram sine tankar om kva ein kan få til i «Tysvær-sentrum».
– Ein må tenke på å få til sentrale parkeringsplassar, og vurdere å ta betalt, sa Peter Sonnenberg i Norconsult.
– Om ein skal tenke fortetting så er det vanskeleg å behalde dei store, opne parkeringsplassane, kommenterte Margrethe Lund frå Snøhetta.
Ho viste idear til korleis ein kan få til 1600 parkeringsplassar i Aksdal, ved å legge hovudvekta til parkeringskjellarar under bakkeplan.
Også Thomas Brekke la fram planer om underflateparkering.
– Me ser for oss eit parkeringshus under bakken, som skal betjene både rådhuset og den nye ungdomsskulen. Når me skal bygge tett så er det klart at me ikkje kan ha slike parkeringsplassar som er her i dag. Desse må me bli kvitt. Og dei som jobbar i Aksdal og må stå parkert heile dagen, må vekk. Dei disponible plassane i sentrum, må gå til dei besøkande, som berre står parkert nokre timar, sa han.

Forslaga til korleis ein kan løyse parkeringsutfordringane var mange, og gode. Og konklusjonen er heilt klar: det er god plass i Aksdal, og muligheitene er store. Men så blir det nok etter kvart også eit spørsmål om økonomi…

Peter Sonnenberg i Norconsult . Foto: Mona Terjesen

Peter Sonnenberg i Norconsult . Foto: Mona Terjesen