Kjersti Andrea Storhaug har diabetes type 1, og må tenke nøye på kva ho får i seg av mat. Dei høge prisane gjer det vanskeleg å ta omsyn til sjukdomen. 
Foto: privat
Kjersti Andrea Storhaug har diabetes type 1, og må tenke nøye på kva ho får i seg av mat. Dei høge prisane gjer det vanskeleg å ta omsyn til sjukdomen.

– Svindyrt å halde seg frisk

Diabetessjuke Kjersti Andrea Storhaug (25) må ofre helsa for å få råd til mat. Produkt som er tilrettelagt for sjukdommen hennar er så dyre at ho som student, rett og slett ikkje har råd til dei.

– Eg blir like skuffa og sint kvar gong eg jaktar matbutikkar etter eit godt alternativ til sukker. At me skal måtte betale mange gonger meir for ein pose Sukrin enn vanleg sukker, er galskap. Nokre plassar kostar ein halv kilo Sukrin oppi 80 kroner, og ein kilo vanleg sukker under 20 kroner. Og prisen på spesialalternativa varierer veldig. Det kan nesten verke som om butikkane sjølv prissett varene, seier Kjersti Andrea oppgitt.

Les heile saka i papiravisa.

Der kan du også lese kva kjøpmann Petter Mortveit på Spar Frakkagjerd meiner:
– Eg skjønar godt at det er frustrerande å måtte betale så myke meir for alternative produkt på grunn av sjukdom, seier kjøpmann og butikkeigar på Spar Frakkagjerd, Petter Mortveit.