Karmøytunellen blir stengt. Foto: Statens vegvesen, Anja Kristin Bakken
Karmøytunellen blir stengt. Foto: Statens vegvesen, Anja Kristin Bakken

Karmøytunnelen stengt to gonger

Statens vegvesen stenger Karmøytunnelen natt til tysdag 31. mai. Neste veke blir tunnelen stengt ein dag.

Karmøytunnelen blir stengt frå måndag kveld klokka 22:00 til tysdag morgon klokka 06:00.
– Det er snart tre år sidan tunnelen opna. Vi stenger tunnelen for å inspisere mellom anna vifter, lys og kamera, seier tunnelforvaltar i Statens vegvesen Region vest, Bjørn Arild Fossåen.

Stengt om dagen neste veke
Fossåen fortel at andre del av synfaringa blir tysdag 7. juni klokka 12:00. Då blir Karmøytunnelen stengt i nokre timar utover dagen. Fylkesveg 47 Karmøytunellen går mellom kommunane Karmøy og Tysvær. Omkøyring er
mogleg via E39/E134 om Haugesund.
Bussar i rute og utrykkingskøyretøy kan passere.
– Vi ber trafikantar vere varsame og følgje instruksar frå trafikkdirigentane på staden, seier Fossåen.