Det blei til slutt vanskeleg for ordførar Sigmund Lier å kunne svare på angrepa frå forsamlinga i kveld.
Det blei til slutt vanskeleg for ordførar Sigmund Lier å kunne svare på angrepa frå forsamlinga i kveld.

Heitt debatt

Det som skulle vere eit informasjonsmøte enda opp i ein heitt debatt om nynorsk i skulen.

Kommunen inviterte tysdag kveld til folkemøte i Tysværtunet, der ein skulle få sjå utviklinga i val av nynorsk i Tysværskulen. Ein skulle få vite kvifor det er ei utfordring for kommunen når politikarane vedtar at skular skal ha nynorsk som hovudmål, men foreldra ikkje vel målforma for ungane sine. Dei siste åra har talet på elevar som har nynorsk stupt.
I staden blei det amper stemning og heitt debatt, der det fåtalet foreldre som hadde møtt opp, kom med krass kritikk til skuleleiinga. Dei hevda å ha blitt påverka til å velje bokmål framfor nynorsk.

Totalt var det 32 personar som møtte opp på møtet. Dette inkluderer politikarar, administrasjon, skuletilsette og mållaget.

Les meir om saka i Tysvær Bygdeblad på torsdag.