Bles i promillen

Er du ein av dei som er redd for å møte på ein promillekøyrar når du er ute og køyrer bil, men samstundes synest det er heilt greitt å varsle om promillekontrollar i sms-ar og på Facebook?

Då er du i ei stor gruppe med nordmenn som politiet ikkje synest noko om.
At du er redd for å møte på sjåførar med promille i blodet, er du ikkje aleine om. Åtte av ti tysværbuar har nemleg svart det i ei undersøking gjort av MMI. På Bokn svara ni av ti at dei fryktar det same. Politiet gjennom UP gjer ein innsats for å hindre dette i å skje. Dei har kontrollar til alle døgnets tider. For det viser seg at promillekjørerar finst langs vegen, sjølv midt på lyse dagen.
Det som ikkje er greitt er at politiet opplev at mange varslar desse kontrollane. Så mange faktisk, at det statistisk betyr at nokon av dei som er redd for å møte promillekøyrarar, faktisk varslar om at det er kontroll, og at sjåførane då tar andre vegar.
Dette er ikkje noko nytt, men har sjølvsagt auka i omfang etter at internett og mobile meldingar er blitt ein del av kvardagen.
Det er fleire grunnar til at politiet har desse kontrollane. Talet på dei som blir tatt er høgt og viser at dette er noko politiet er nøydt til å prioritere. Det har ikkje vore til noko hjelp med høgare bøter og inndraging av førarkortet. Å hindre politiet i dette arbeidet er ikkje samfunnsmessig bra, og ei svært korttenkt handling.
For kort tid sidan blei det lagt ut ei slik melding på Facebook, og det er på mange måtar interessant å følge med i kommentarfeltet. Det blei varsla om ein promillekontroll ved Toskatjønn på E134. Ein av kommentarane var; får vel kjøre om Kolnes i dag då… Vidare kom det eit hjartesukk: har ikkje politiet betre ting å gjere?
Dei to kommentarane har nok politiet registrert og rista på hovudet over. Meiner nokon på fullt alvor at dei er så dårleg skikka til å møte i ein kontroll at dei vel å kjøre over Kolnes på dårlegare og smalare vegar, for å unngå ein kontroll. Og meiner noko på alvor at promillekjøring ikkje er ein uting, som me ikkje vil ha langs vegane våre?
Denne veka fekk Tysvær Bygdeblad være med på ein kontroll på Slåttevik. Dessverre gjekk det ikkje lang tid før dei første var tatt. Ruskjøring er ikkje noko ein les om, det som skjer faktisk kvar dag i området vårt. Oppmodinga frå politiet er at ein ikkje bør hjelpe desse med å halde fram med slik kjøring. Be dei heller om å la bilen stå.
Å være redd for å treffe på promillekøyrarar er forståeleg, og politiet jobbar aktivt med å stoppe dette.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør