Opplæringsmål i Grinde og i Tysværvåg

Kvifor bør Grinde skule og Tysværvåg barne- og ungdomsskule framleis ha nynorsk som hovudopplæringsmål?

Fordi desse skulene alltid har hatt nynorsk som hovudopplæringsmål. Her er det snakk om å ta vare på ein tradisjon og eit særpreg. Språk har med identitet å gjera både for den enkelte og for bygdesamfunnet. Det er viktig å ta vare på denne identiteten/dette særpreget.

Fordi dialekten i desse skulekrinsane ligg nærast opp til nynorsk. Ved å velge nynorsk er ein med på å ta vare på det lokale språklege særpreget.

Fordi forskning og erfaring viser at det er ein fordel dersom språkopplæringa ligg tett opp til dialekten. Jo nærare dialekten er rett skrivemåte, jo lettere er det å skrive rett. Ved mange skular får elevane skriva dialekt før det ver lagt vekt på rett skrivemåte.

Fordi alle elevane skal læra både nynorsk og bokmål gjennom skulegongen. Dei som startar med nynorsk som opplæringsmål har som regel ein fordel framfor dei som startar med bokmål. Karakter i hovudmål og sidemål tel likt ved opptak til vidaregåande skule.

Fordi at å behalda nynorsk som hovudopplæringsmål i Grinde og i Tysværvåg ikkje er til hinder for å oppretta parallellklassar på bokmål. Små klassar er ikkje ei ulempe for elevane eller lærarane, men ein fordel. Då får lærarane meir tid til kvar enkelt elev, og eventuelt støynivå vil bli mindre.

Bruk stemmeretten, og stem nynorsk den 15.juni!

Knut Ottar Kringeland