Dei som vil røyste på førehand i målsaka, kan gjere det nå. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Målvalet for Grinde, Førland og Tysværvåg er den 15. juni. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg

Nå må du røyste den 15.

Etter to veker med førehandsrøysting er det totalt 6 prosent som har førehandsrøysta. Vil du røyste nå, må det skje den 15. juni.

– Engasjementet har vore noko høgare for Grinde skulekrets, der 8,7 % av dei røysteberettiga har røysta. Ved vanlege val er førehandsrøystinga ein del høgare, og ved kommune- og fylkestingvalet 2015 var det 15 % som hadde gitt si røyst på førehand, seier Liv Jorunn Frønsdal i Tysvær kommune.
– Ein kan sjølvsagt ikkje samanlikne eit val av kommunestyre eller stortingsrepresentantar og eit val om målføre, men det kan virke som engasjementet er noko labert, seier ho.
Totalt er det 3494 personar som er røysteberettiga i dei tre krinsane.

Den endelege valdagen er onsdag 15. juni.