Grinde skule er ein av skulane kor ein kan røyste i dag.
Grinde skule.

Du kan røyste til klokka 18.00

I dag er det rådgjevande folkeavrøystinga om målform ved Grinde skule og Tysværvåg barne- og ungdomsskule. Alle dei tre røystelokala har ope frå kl 10.00 – 18.00.

Røystelokala er:
Grinde skule – Musikkrommet
Tysværvåg barne- og ungdommskule – Gymsalen
Førland skule* – Gymsalen

*På Førland røyster ein ikkje over målform ved Førland skule, men sidan ungdomsskuleelevane går til TBU kan ein vera med å røyste over kva målform TBU skal ha.

Husk at alle som bur i desse tre skulekrinsane, og som er over 18 år, kan røyste.

Ta med legitimasjon!

Resultatet får du her på våre nettsider ca klokka 20.00.