Redaktør Hartvig Waage er svært godt nøgd med årets Vingespenn. 
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør Hartvig Waage er svært godt nøgd med årets Vingespenn.

Ei utømmeleg historie

Fredrikke Nielsen, skodespelaren og folketalaren, som blei født i Tysvær, men som seinare opplevde meir enn dei fleste berre kan drøyme om.

Det begynner å bli litt meir kjent kva denne litt mystiske, men akk så standhaftige kvinna har opplevd. Frå fattige kår på Bratthammar til eit liv blant skodespelarar og poetar i Bergen. I lag med namn som Henrik Ibsen og Bjørnstjerne Bjørnson.
– Gjekk det verkeleg an?
– Å, joda. Dette er ei historie som er like spennande kvar gong me fordjuper oss i den. Det dukkar stadig opp nye trådar og nye hendingar, som nesten tar pusten frå ein som likar historier frå seint 1800-tal og omlag 50 år framover. Det handlar om ein betydeleg skodespelar, predikant og folketalar, i frå ei tid kor kvinner slett ikkje hadde fritt fram for å få snakke ut, seier Inger Marie Myge og Hartvig Waage.
Laurdag 18. juni skal dei dele alle desse utrulege historiene med deg og meg, i Fredrikkesalen sjølvsagt. Det nye flotte kulturrommet på Tysværtunet, som allereie er tatt i bruk, men som Waage offisielt skal opne denne laurdagen.

Todelt
– Me legg opp til ei forteljarstund kor eg drar dei historiske linjene, og Inger Marie krydrar det med tekstar, me har fått tak i. Me startar med dei første åtte åra kor ho budde på Bratthammar, går vidare med den dramatiske historia om då ho som lita jente blei henta på garden der, og tatt med til Bergen. Så skal me sjølvsagt innom skodespelarperioden hennar, kor ho debuterte på den Nasjonale scene i Bergen som 16-åring, og raskt blei ein favoritt i kultureliten i byen. Me må innom Ibsen-perioden og sjå litt nærare på spora ho sette hos han, gjennom skodespel og andre tekstar. Til slutt skal me innom folketalar og predikant perioden. Spennande, litt ukjent, men ikkje minst fascinerande historier frå århundreskiftet, seier Waage.
Fredrikke Nielsen levde frå 1837 til 1912. Etter å ha vore skodespelar i 25 år, vore med i 300 roller, og i ei rekkje kjende hovudroller, fekk ho eit kall frå Gud.
– Gud kalla meg til noko stort, så til noko større, skal Nielsen ha sagt, då skodespelarkarriera tok slutt, og predikantperioden tok til.
– Det var ein periode kor ho møtte mykje motstand. Det å vere kvinneleg predikant var ikkje like velkomme over alt. Difor blei det mykje reising i Sverige, mest fordi prestar i Noreg ikkje ville sleppe henne til. Dessverre er mange av hennar memoarar og taler frå denne perioden brent i ein opprydding etter hennar død. Men me har funne gode bøker og skrifter som kan gi eit bilete av eit utruleg spennande liv. Det er som det blir sagt i starten her, nesten utømmeleg med historier, seier Myge og Waage.

Spanande
Oppveksten på Bratthammar var prega av at det var harde tider langs kysten. Gardslivet var tøft. Skulegangen var litt på Førre og litt i Skåre. Waage har fleire gonger prøvd å finne stien frå Bratthammar til Skåre gjennom Djupadalen, og trur han er på sporet.
– Dette er også ein spennande bit av totalbilete. Klarer me å finne ut slikt vil me kunne forstå historia endå betre. Garden der ho blei fødd er dessverre borte nå, men spora etter Fredrikke lever.
– Var ho berre aktiv her heime og i Skandinavia?
– Nei. Fredrikke Nielsen reiste til Amerika og var innom alle statane der borte. Ho var ein svært levande folketalar som trakk store publikumsmassar. Me har funne omtala at ho preika for fleire tusen, seier Hartvig Waage.
Arrangementet i Tysværtunet er gratis, men det er ikkje plass til tusenvis, så her bør ein vere tidleg ute.

Midtsommarfest 2016

Tysværtunet, Fredrikkesalen
Laurdag 18. juni kl. 13.00
13.00: Offisiell opning av Fredrikkesalen
v/Hartvig Waage.
”Skodespelaren, folketalaren og predikanten
Fredrikke Nielsen” av og med Inger Marie
Myge og Hartvig Waage.