I ei pressemelding skriv ordføraren dette om høyringsvedtaket:
Det er trist at fylkeskommunen tolkar plan og bygningslova sitt ord «stimulere» som om dei skal styre. Fylkeskommunen samanliknar Haugalandet med nord Jæren og bruker dette som argument for å styre utviklinga.
Det er trist at innspela frå Karmøy, Tysvær og Bokn ikkje vart tatt omsyn til. Også eit samla næringsliv på Haugalandet sine innspel vart sett til sides.
Me meiner bestemt at det er kommunane som er primær arealmyndighet og som skal styre arealutviklinga. Tysvær skal vekse og kommunen er innstilt på at dette skal skje, til tross for vedtaket i fylkestinget i dag. Kommunen har nå fleire store saker ute på høyring; områdeplan for Skeidseid, områdeplan for Frakkagjerd, samt utviding av Garhaug. Det blir spennande å sjå korleis fylkeskommunen behandlar desse sakene.
Tysvær kommune kjem til å klage planen inn for departementet. Regjeringa fremma i vår regionalmeldinga og det skal bli interessant å la departementet behandle klagen som nå blir sendt inn på regionalplanen.
Tysvær har stor tru på interkommunalt samarbeid. Regionalplanen legg i vedtaket som er gjort også klare føringar for dette. Fylkeskommunen er ingen overkommune over kommunane.
Vedtaket ble gjort mot Framstegspartiet, og Harald Stakkestad (H) og Åse Simonsen (H) sine røyster.