Då treng vi å heve blikket ut over grensene våre.
Kva det betyr, er ikkje nødvendigvis samstemt. Likevel, uenighet kan gi god dynamikk for nødvendige løysingar og spennande resultat. Fylkestinget har teke inn endringar i ATP Haugaland i dag, som skal leggje tilrette for spenst til videre arbeid. Difor går Fylkestingsgruppa til Kristeleg Folkeparti inn for dette.
Gode prosessar er nødvendig og ynskjeleg for å få gode resultat. Internt i kommunen, mellom kommunane og mellom kommune og fylkeskommune. Ein god prosess fordrar respekt, åpen kommunikasjon og samarbeidsvilje.
Vi veit at det er mykje godt fordelt vet og forstand i kommune og fylkeskommune. Vi forventar av oss sjølv, og alle partar, at vi brukar vårt gode skjønn og samarbeidsvilje i videre planar og praksis.
Endringskompetanse er særleg viktig framover, ikkje berre for næringsliv i omstilling men og for kommunar og regionar i omstilling.
Gunn-Marit Lygre,
fylkestingsrepresentant Krf