Ein fest for tysværbuar… eller?
Kva tenkjer dei som ikkje er innbyggjarar om det me har å tilby dei to neste vekene, og elles i året. Har me noko dei snakkar om når «festen» er over og kvardagen hentar oss inn.
Me har det, og ein av snakkisane er ei bygd like ved ei gamal sluse. Skjoldastraumen, eller berre «Straumen» som mange vel å kalle stader der det absolutt er verd å vere, også når fest og moro er over.
Eg har ikkje tal på kor mange utanfrå som har framsnakka denne litle bygda som ligg der litt klemt mellom fjella, og med straumen rennande inn og ut med tidevatnet. Det er noko idyllisk ved det.
Eg trur det er det lokale engasjementet ein finn der som smittar over. Det er folk som snakkar til folk og spreier ein optimisme om berre godvêrsdagar. Om sol, sommar og sjø. For ein skal vere superpatriot for ikkje å henge seg opp i ein del detaljar knytt til veg og høgspent. Men det ser ikkje ut til at dei bryr seg. Entusiasmen i dei lokale velforeiningane, lag og andre friviljuge institusjonar ser ikkje ut til å ha nokon ende. Dei siste åra har ein stadig sett nye mulegheiter. Ein finn noko nytt å ta tak i, og får bygdefolket med på laget.
Nå er dei pynta til fest på nytt og folk er begynt å snakke om Slusedagen, som om det er blitt ei plikt også for karmøybu og byfolk å ta seg ein tur inn til slusa, akkurat denne dagen.
I kulissene er det også større prosjekt. Ved Bådsvikfeltet er det nye bustadar på gong. Det er endeleg satt i gong arbeid med å utbetre vegen frå Skjoldastraumen mot Hesthammar. Så kan ein undrast kvifor ein ikkje har lytta til «folket» og tatt med krysset opp til nemnte bustadfelt i same slengen. Men det skaper engasjement, og brev til ordføraren sjølvsagt.
Eit anna spanande prosjekt som dukkar opp er på neset bak Coop-en. Der skal Askeland Prosjekt bygge bustader, og bygda får ein fin «skyline» i innseglinga til slusa. Slike prosjekt er ein temperaturmålar om det er liv laga i ei bygd. Og les ein av målingane for Straumen akkurat nå, er det heitt. Hytter går unna til rekordpriser, barnehagen på haugen er snart ferdig og Håvard Nordtveit er heime på ferie. Snart er det Sluseløp og sommarferie for båtfolket.
Eg seier ikkje at det ikkje er same livet og engasjementet andre stadar. Men det er noko med dei som bur og ferierer ved slusa.
God midtsommar til alle.
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør