– Me var berre nøydt til å ta i bruk den nye traseen rundt Aksdalsvatnet. Utruleg mange bruker denne løypa nå, både til jogging og turgåing. Difor er me svært glade for at me i år kan invitere til «nye» Tysværtrimmen, seier Hans Tore Stensen i løpskomiteen til Stegaberg IL.
– Dette er eit arrangement med lange og tunge tradisjonar. Me tar med oss det beste frå dei tidlegare åra, og bygger vidare på det. Det betyr mellom anna at me framleis prioriterer eit barneløp på 400 meter inne på stadion. Me ønskjer også at eit av dei to løpa me nå arrangerer parallelt, skal være så nøyaktig like langt som femkilometeren me har hatt i mange år som muleg. Det har me klart å få til, seier Stensen.
To løp
Det betyr at det er laga til ei fem kilometer lang rundløype som startar ved idrettsanlegget, går ut mot Dragavika, svingar inn i den nye traseen og går tilbake til klubbhuset. Fem lettsprungne kilometer skal ein tru ekspertane.
– Dette er ein trasé me har stor tru på. Den er også heilt perfekt for mosjonistar, seier Hans Tore Stensen.
Men nyheita er altså eit løp som går rundt heile Aksdalvatnet. Det er 12,5 kilometer, og i tillegg til ei fysisk utfordring ei naturoppleving på høgt nivå.
– I starten må me springe på asfalt til Eikeskog via Aksdal. Men frå gardane på Eikeskog, og til mål, er det heilt fantastisk fint. Dette er ein distanse som er heilt perfekt for alle dei som seinare på sommaren skal vere med på halv- eller heilmaraton. Det er ikkje så mange løp av denne lengda, så me håper og trur at dette kan vere noko mange, litt meir satsande joggarar, vil sette pris på. Me veit at det er mange som spring denne runden som trening, og nå skal dei få mulegheiter til å få tatt ei nøyaktig tid, og å kjempe om flotte premiar, seier Stensen, som allereie kan notere seg at ein del av dei faste løparane har meldt seg på.
– Det luktar litt kjente løparar av dette?
– Det gjer det, og me håper det kjem fleire. Nå er det slik at alle er like viktige for oss, men det er litt stas om det dukkar opp nokre skikkelege kanoner å måle krefter mot. Det er ei auke i lokale utøvarar som prøver seg på maraton, og då er det viktig for dei å få prøvd seg ut på kortare, men likevel lange nok distansar, slik som 12,5 kilometeren er. Ingenting er kjekkare enn at Tysværtrimmen blir ein testarena for dei, seier Hans Tore Stensen, som er leiar for løpet.
Dugnad
Tre løp på ein ettermiddag, og som ein sportsleg del av Midtsommarfesten, gjer at klubben treng folk som vil vere med å arrangere.
– Me vil at dette skal vere skikkeleg, og at me ikkje etterpå går og irriterer oss over småting som kunne ha vore gjort betre. Difor vil me ha mange friviljuge i arbeid. Ordførar Sigmund Lier har meldt seg, og det synest me er stas. At han går framføre og viser kor viktig mosjon er, trur me er eit positivt signal. Alle som vil vere med, uansett kor dei bur, må berre ta kontakt, seier leiaren i løpskomiteen.
I Tysværtrimmen er det viktigaste å delta, ikkje å vinne. Dei som er med er alle vinnarar uansett. I målområdet blir det lagt opp til både kafé og anna moro. Maskoten Sølve kjem, og det er premie til alle ungane som er med og spring.
– Det er viktig å seie at dette skal vere ein folkefest. Me skal ha speaker slik at alle som kjem kan følge med på korleis det går i løypa. Så her er det berre å møte opp, både for liten og stor, joggarar og publikum, seier Hans Tore Stensen, som har hatt med seg Hans Kristian Hauge, Kristin Sælevik, Anne Bodhild Tønnesen og Marita Eltervåg Havn i løpskomiteen.
Midtsommarfest 2016
Tysværtrimmen
Laurdag 18.juni
14.00 – 16.00: Frakkagjerd Stadion
14.00: Start barneløp
14.45: Start 5 km
15.00: Start 12,5 km
Påmelding: Facebook:Tysværtrimmen
eller www.topptid.no
Arr: Stegaberg IL