Siste veka i mai vart elevar frå Grinde, Førre, Nedstrand og Straumen med på turen til Tollboden. Foto: Haugalandmuseene
Siste veka i mai vart elevar frå Grinde, Førre, Nedstrand og Straumen med på turen til Tollboden. Foto: HaugalandmuseeneBilde 1 av 6
Skjermbilde 2016-06-17 kl. 15.20.53
Bilde 2 av 6
Skjermbilde 2016-06-17 kl. 15.20.46
Bilde 3 av 6
Skjermbilde 2016-06-17 kl. 15.20.41
Bilde 4 av 6
Skjermbilde 2016-06-17 kl. 15.20.35
Bilde 5 av 6
Skjermbilde 2016-06-17 kl. 15.20.28
Bilde 6 av 6

På tur til Tollbua

Bli med på ein guida tur gjennom delar av Tysvær kommune, målet er Nedstrand og Tollbua.

Bli med på ein guida tur gjennom delar av Tysvær kommune, målet er Nedstrand og Tollbua.Undervegs får du bli kjent med m. a. bautasteinar, kvekarhus ,sluser og gapestokk.
Framme i Nedstrand får du høyre om Tollbua, lafte eit hus og bli med på aktivitetar.

Slik høyrdes invitasjonen frå Haugalandmuseene til Tysværskreppa ut, og siste veka i mai vart elevar frå Grinde, Førre, Nedstrand og Straumen med på turen.
På bussturen fortalde lærar eller eit lydspor om Cleng Peerson, Lars Hertervig og Petter Strømsing. Elevane fekk strekke på beina og kikke på slusene i Skjoldastraumen, før bussen var framme i Nedstrand.
På plassen framføre Tollbua var det sett opp eit telt og her fekk elevane, gjennom samarbeid, prøve seg på å sette opp, og ta ned eit hus, ved hjelp av lafteteknikk.
I Tollbua var det gjort klart til historieforteljing og aktivitetar. Historiar om skog , sager, skottar og sjørøvarar, men og om tollarar og hekser vart fortalt.
Med utgangspunkt i det dei no hadde høyrt og erfart ,vart dei fire romma i Tollbua tekne i bruk, og elevane fekk teste geografikunnskapar, luktesans og hukommelse.
Det heile vart avslutta med ein quiz på tilbaketuren.

Av Tove Selås, Museumspedagog Haugalandmuseene