Det er ikkje mykje som slår Nedstrand. Heller ikkje frå sykkelsetet. 26. juni er det tid for ein nytt ritt i og rundt Hinderåvågen.
Foto: Hjulryttarkompaniet
Det er ikkje mykje som slår Nedstrand. Heller ikkje frå sykkelsetet. 26. juni er det tid for ein nytt ritt i og rundt Hinderåvågen.

Meir folkeleg enn nokon gong

Ordet fest kan lett misbrukast under ein Midtsommarfest. Men sykkelrittet på Nedstrand
26.juni er blitt ein skikkeleg sykkelfest. Sånn er det bare.

Sykkelrittet som går over haug og hammar i og rundt idrettsanlegget på Hindervåg er blitt meir enn berre ein konkurranse. Det har i tillegg skapt ein iver og glød i sykkelmiljøet i bygda, som nesten er litt unik. Friviljuge står i kø for å hjelpe til, og heile bygda er på beina på sjølve rittdagen.
– Folk har blitt utruleg engasjerte i dette. Det er mange som vil hjelpe til, og det er mange som sjølv skal sykle. Me har rekna litt på det, og over 10 prosent av bygdas innbyggarar har eit eller anna dei skal gjere under rittet. Det kan ein kalle dugnadsånd. At me har klart å lage eit ritt som er sentrert rundt idrettsanlegget, er noko av suksessen, men det meste handlar om den fantastiske naturen me har her inne. Det er ein sykkeltur som me unner alle, seier Dag Tormod Milje og Kenneth Baustad i arrangementskomiteen til Nedstrand IL, og Hjulryttarkompaniet.

Folkerunda
Det har tidlegare vore fleire ruter å velje i, men arrangøren har ikkje vore nøgde for det. Alt kan bli betre, også Bike Brothers NedstrandRittet.
– Me oppdaga at mange av dei som var med eigentleg hadde fått nok etter 25 kilometer. Derfor begynte me å planlegge ein runde som me etter kvart døypte «Folkerunda». Den er på 26 kilometer og passar for svært mange syklistar. Dei syklar stort sett i naturen og både terrengsyklar og hybridar klarer dette. Her kan ein konkurrere med seg sjølv, eller naboen. Ein kan stoppe og ta ein pause og nyte den storslåtte naturen. Kort sagt. Meir folkeleg enn den ruta kan det ikkje bli, seier dei to sykkelentusiastane.
Dermed er det mykje å velje i for syklistane. Før sjølve rittet startar er det «Barneritt», som har start, passeringar og målgang i Hinderåvåg ved bygdahuset. Så er det sjølve hovudrittet BBNR NedstrandRittet (38,5 km), BBNR Folkerunda (26 km), BBNR Ungdom (16 km) og BBNR Barn (ca. 500 m og 1,5 km).

Sykkel og natur
– Bike Brothers NedstrandRittet har etablert seg som det mest utfordrande terrengsykkelrittet på Vestlandet. I rittet blir det meir enn god nok anledning til å ta seg helt ut i løpet av 38,5 intense kilometer. Gjengen i Nedstrand med Hjulrytterkompaniet i spissen, er i god rute med førebuingane til årets ritt. Dei har sjølvsagt testa ut dei utvalte løypene.
– 16. mai var en nydelig dag å ha ein tur i sporet, og en god gjeng av «Hjulrytterane» la i veg for gjennomsykling av «Folkerunda». Det var god stemning i finværet med rik fuglesong og kvitveis som smiler og ønsker velkommen ut. Det tok gjengen 1time 40 minutt med rolig sykling, for å rulle gjennom Folkerunda. Så dette er midt i blinken for mange, meiner Milje og Baustad.

Barna er viktige
– Som tidlegare år blir det også sykkelløp for de yngste barna. Bike Brothers NedstrandRittet fikk i fjor god tilbakemelding på ungdomsrittet. Det blir gjentatt i år i same trase.
I tillegg fortel arrangørane at det er både løp med og utan tidtaking for dei yngste.
Men ikkje alle har like god tid i skogane rundt Hinderåvåg.
I tidlegare ritt er det syklistar frå sørfylket som har vunne. I år har Georg Feed frå Tysvær vist godt igjen her på Haugalandet. Han har meldt seg på rittet, og det blir spennande å sjå om han tar sigeren heim til nordfylket i år. Anna Stray Rongve vann kvinneklassen i fjor, og me ser fram til å sjå henne igjen i årets ritt. Arrangørane kan love god stemning på Nedstrand idrettsbane der det er start, målgang og to passeringer, seier arrangørane og gleder seg stort til avslutningshelga av Midtsommarfesten.

Midtsommarfest 2016

Bike Brothers NedstrandRitttet
Søndag 26.juni:
Nedstrand i Hinderåvåg ved bygdahuset
Barneritt kl. 11.00
12.00: Bike Brothers NedstrandRittet.
Bike Brothers NedstrandRitttet 2016 tilbyr:
BBNR NedstrandRittet( 38,5 km)
BBNR Folkerunda (26 km)
BBNR Ungdom (16 km)
BBNR Barn (ca.500 m og 1,5 km)
For informasjon: www.bbnr.no.