Det vanskelege demokratiet

Boknerane sa ja. Nynorskfolket sa ja.
Så ver så god politikar der du sitt på Bokn og i Tysvær.

Folket som har stemt deg inn i kommunestyret, har nå bestemt kva du skal meine. Enklare kan det vel ikkje bli?
Eller…
Folkerøystingar er ein fin ting om ein ønskjer å gi «folket» trua på at dei er med og bestemmer. Det har nok blitt heist eit flagg og to, både hos boknerar og målfolk den siste veka. Dei har gitt heit tydelege svar på kommunane sine spørsmål om samanslåing og målform. Og dei har grunn til å feire. For det første lever me med ei styreform kor dei folkevalte ikkje bruker den makta dei har, til å styre som dei vil. For berre eit halvår etteratt innbyggarane har valt dei inn, slepp dei innbyggarane til igjen. Dei er kanskje med andre ord ikkje heilt til å stole på alle dei som me stemte inn i september, så dei treng nye råd gjennom folkerøystingar.
Nå har altså folket gitt lokalpolitikarar noko å tenkje på.
Målsaka i Tysvær er eigentleg ein parentes i det store bilde, men svært viktig for dei det gjeld. At berre 19 prosent av alle dei som kunne røyste møtte opp, viser at det ikkje akkurat kokar i måldebatten i Tysvær-skulen. Nynorsk-sida vann klart, noko som var heilt etter det ein trudde, og kunne forvente. Spørsmålet er kva rådmannen, og seinare kommunestyret tolkar ut av desse tala. Han har fått eit råd, men eg er svært usikker på om han lar seg påverke av dette når han etter ferien startar arbeidet med å lage til ei politisk sak. Det same gjeld politikarane. Med tanke på kor lett Tysvær blei språknøytral for nokre år sidan, så har eg mine tvil.
Plusset er at mållaget har vakna til liv for alvor, og garantert vil nytte tida fram til september med å informere både rådmannen og politikarane om kva dei meiner i saka.
At Bokn sa nei til Tysvær er heller ikkje noko sjokk. Det er i verste fall berre trist. Trist for Bokn, trist for Tysvær og trist for alle dei som har jobba fram ein avtale, som skulle ende i ein ny, og framtidsretta kommune. For Bokn kommunestyre stemte det same som innbyggarane meinte. Dermed er avtalen med Tysvær brent på bålet og øykommunen går ei svært usikker framtid i møte. Kva økonomiske konsekvensar dette får, vil tida vise.
Likevel kan både fylke og regjering overstyre tysdagens vedtak på Bokn. Framtida til småkommunane er framleis svært så usikker, og ei folkerøysting hjelper neppe i det store bilde, når Sanner & Co. til slutt skal teikne noregskartet på nytt.
Etter ein lang og travel vår med folkemøter og folkerøystingar, skal lokalpolitikarane nå ha sin første sommarferie etter valet. Det fortener dei. Det er meir enn nok å gripe fatt i etter sommaren.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør