– Dette er første steget mot eit nytt Aksdal, eit viktig sentrumsutviklingsgrep. No skjer det, seier ordførar Sigmund Lier og rådmann Arvid S. Vallestad blidt.
Store planar
Dei har sett seg ned rundt bordet på ordføraren sitt bord for å signere avtalen med Albatross Senter.
– Me har stor tru på Aksdal og gler oss veldig, seier Jacobsen.
Trenings- og helsesenteret han planlegg å bygge på austsida av Tysværtunet, er totalt 5.500 kvadratmeter. 3.600 til næring og 1.900 til leilegheiter.
– Me ønskjer leigetakarar som er helserelaterte. Me ser også for oss offentlege og private tenester samla under same tak. Det vil styrke tilbodet og vere gunstig for alle. I underetasjen kjem det eit fitness-senter. Det er dei same som driv i Albatross Senter i Sveio som kjem hit for å drive. Så er me i dialog med vektløftarklubben om eit mogleg samarbeid. Me ønsker også bassengavdeling, og er i samtale med Tysværtunet om dette. Helsesenteret og kulturhuset kjem til å henge saman, så for eksempel eit baby- og barnebasseng i Albastross kan vere eit alternativ. Betre garderobekapasitet ser me også på. I tillegg jobbar me mot ei spa/steam-avdeling som me har i Sveio, fortel Jacobsen.
Albatross kjem både til å leige ut, og seksjonere ut deler av bygget for sal.
Les meir i vekas papirutgåve av Tysvær Bygdeblad…