Masse humor og glede over å vere i gong igjen, då skulefolk møttest i Tysværtunet. Her er det skulesjef Eli Krokedal, rektor Tone Hatteland, dr. Sara Budd og inspektør Solfrid Thuestad som er i vinden etter ein spennande kursdag.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Masse humor og glede over å vere i gong igjen, då skulefolk møttest i Tysværtunet. Her er det skulesjef Eli Krokedal, rektor Tone Hatteland, dr. Sara Budd og inspektør Solfrid Thuestad som er i vinden etter ein spennande kursdag.

– Få elevane meir med

Lærarane vil nok for alltid vere den viktigaste i klasserommet. Likevel er det viktig å få elevane med på å bestemme over kvardagen.

Tysvær kommune har i mange år hatt fokus på korleis det er i klasserommet. Både skuleleiarar, lærarar og andre vaksne i skulen er blitt drilla i korleis ein på best muleg måte kan få til ein god skulekvardag. Eit av grepa som er gjort med suksess, er å få med elevane på å evaluere og bestemme innhaldet i skulekvardagen.
– Det eg veit om norsk skule er at dei som jobbar der har god kompetanse på dette området. Elevaktiv skulekvardag er ikkje noko nytt, men eit område kor dei tilsette stadig vil trenge påfyll. Difor er eg invitert til Tysvær av skulesjefen til nettopp å vere ein som kan motivere og vere ein påfyller for dei tilsette i skulen. I dag hadde me kickoff i Tysværtunet, og eg såg ein motivert gjeng, som var klare til skulestart, seier dr. Sara Bubb frå Universitetet i London, kor det å utdanne pedagogar har vore universitetet sitt kjennemerke i mange år.

Les heile saka i papirutgåva