Bonde Sven Ivar Dybdal er spent på andreslåtten sin denne veka.                          Mirakelmiddelet han har testa, har gitt han tjukt og høgt gras. 
Foto: Mona Terjesen
Sven Ivar Dybdal kan glede seg over tallene fra Nedstrand.

Redda av mirakelmiddelet

Mens andre bønder slit med dårlige slåttar på grunn av vêret, er Tysvær-bonde Sven Ivar Dybdal si avling berga. Takka vêre mirakelmiddelet til Sandnes-oppfinnar Torfinn Johnsen.

I vinter skreiv Tysvær Bygdeblad om middelet som får graset til å vekse ti gonger fortare, poteter til å bli fem gonger større og bøndene sine avlingar til å auke med opptil 1000 prosent.
Dybdal frå Tysværvåg er ein av dei som har fått testa ut den potensielt internasjonale landbrukssensasjonen.
– Det har også langtidsverknadar. Det såg eg godt i fjor, året etter at eg testa middelet på fleire område, fortel bonden.
Også i år har Dybdal nytta seg av mirakelmiddelet. Førsteslåtten blei bra, men ikkje like god som året før, men andreslåtten derimot.
– Vêret har sjølvsagt mykje å seie, uansett kva ein bruker. Men likevel har det hatt stor verknad. Og det som er litt spesielt er at andreslåtten min ser ut til å bli mykje betre enn den første. Slik pleier det ikkje å vere, nikkar han.
Den seine andreslåtten gjer det spøke for den tredje for mange bønder, også for Dybdal – som har planar om å ta han denne veka. Men sidan mirakelmiddelet har sørga for så god andreslått trur Dybdal at han like godt berre droppar den tredje.
– Eg vil uansett få omtrent like mykje gras som på tre vanlige. Men om me får ein strålande haust, så kan det jo vere eg tar ein tredje likevel, seier han.

Les Heile saka i papirutgåva