Min Ryfylke-identitet

Det siste året har saka om ny ferjestruktur i nordre del av finnøysamabandet fått mykje merksemd både politisk og i media, og framtida til ferja er endå ikkje avgjort.

Sjølv har eg engasjert meg gjennom ma underskriftaksjon og facebook-gruppe for å behalde ferja.
Saka handlar sjølvsagt om kor viktig det er med god kommunikasjon, men og om identitet og tilhøyrighet i eit område der det er naturleg at bygdene har tette band til kvarandre.

Eg bur på Nedstrand,- som dei siste 50 åra har vore ein del av Tysvær kommune. Berre godt å seie om det, for Tysvær er ein flott kommune å bu, jobbe og leve i. Men Nedstrand har i tillegg også ein Ryfylke-identitet som eg tenkjer ikkje må bli oversett og gløymt. Ein identitet som ber med seg lange tradisjonar og ei rik historie.

Då eg vaks opp fekk me brev i postkassen med adresse “Nedstrand i Ryfylke”. Nå ligg ikkje Nedstrand i Ryfylke lenger, men på Haugalandet, -til trass for at kartet ser heilt likt ut. For sjølv om vegar og reisemønster har endra seg, så er geografien den samme. Øyar og fjordarmar gjer sjøen til ein naturleg viktig framkomstveg,- og nesten alltid den kortaste avstanden mellom to punkt.

Mange er kanskje ikkje klar over det, men sett frå Nedstrand så ligg store deler av Ryfylke, som for eksempel Finnøy, Sjernarøy, Hebnes, Jelsa, Ombo, og til og med Hjelmeland, nærare i avstandskilometer enn vårt eige kommunesenter Aksdal. Det er derfor heilt naturleg for meg å framleis tenkje på bygda mi som ein del av Ryfylke. Derfor er eg også så oppteken av at kommunikasjonen mellom desse stadene som ligg så nært kvarandre må bli oppretthalde. Bygdene i Ryfylke treng kvarandre. Sosialt og økonomisk. Og då er gode måtar å komme til og frå på noko av det aller viktigaste. Turistane held og ein knapp på sjøvegen når dei skal sjå Ryfylke. Då me nyleg feira bryllup i familien, vart festen lagt til Handelstaden Ramsvig på Sjernarøy. Det tok 15 min å komme dit med båt frå Nedstrand,- altså det aller næraste selskapslokalet for oss. Kanskje ikkje noko ein tenker over dersom ein berre tar omsyn til veg og bil.

Identitet kan ein ikkje gjere politiske vedtak om. Den formar seg gjennom lang tid,- og bør styrkast og støttast med dei verkemiddel me har. Kommunegrenser er ikkje grenser i geografien. Eg håpar at tankar som dette også vil bli tatt omsyn til av politikarar og samferdelssjef når ny rutestruktur for ferjene skal leggast fram i løpet av kort tid. Båtane høyrer til på Ryfylkefjordane.
Vil også gi ros til ordførar Sigmund Lier i Tysvær som har engasjert seg i ferjesaka, og som ser Nedstrand sin situasjon og særstilling.

Bjørg Rørtveit, Nedstrand

(Innlegget er også publisert i
Stavanger Aftenblad 20.august 2016)