I rolla som Roy Orbison treff me operasongar Ole Morten Velde, her saman med Elsa Aanensen i Tysværtunet.
Foto: Mona Terjesen
Ådne Brathammer har festa det nye oppropet med kjetting i bokhandelen. No håper han og dei andre engasjerte naboane i Hervik at så mange som mogleg vil signere, slik at det blir ei folkeavstemming.

Utviklar draumeområdet

Grindafjord Feriesenter er ei av Tysvær sine sterkaste merkevarer. Nå skal det bli endå betre. 17 hytter og fem bustadar skal byggast, og mange får oppfylt draumen sin.

Ein av dei er utbyggar og medeigar i Grindafjord Utvikling, Trygve Hebnes. Han har venta lenge, men som det heiter; den som ventar på noko godt ventar ikkje forgjeves.
– Det er utruleg godt å høyre gravemaskinen nedi lia her som er begynt på vegen til det som skal bli 17 sjølveigarhytter og fem einebustadar. Me har jobba lenge for å kunne utvikle dette området, og nå er alt klart. Om kort tid vil me starte annonseringa av det som me trur skal bli eit svært attraktivt område, eit område fleire har vore interessert i og vil investere i, seier Hebnes.
Til å gjennomføre dette har han fått med seg karmøybuen Emil Sørheim i Kjøkken og Boligdesign. Også Veronika Digernes eig ein tredel av den nye verksemda.

Les heile saka i papiravisa