Kanskje er det ein reguleringsplan, som kan opne for ei hytte.
Det som er heilt klart er at Tysvær neppe skil seg ut frå andre kommunar når det gjeld å vente. Og da spesielt på det som handlar om deg og dine.
I Skjoldastraumen har dei venta lenge. På betre veg, på ny veg, på barnehage, på tomter og på sykkelvegar. Dei har venta så lenge at nokre av dei som blei fødd den gongen dei begynte å snakke om ny barnehage, i dag forlengst er i gang på skulen. Slik er det berre. Det ein kjempar for kjem kanskje for seint for eigne ungar, men er ei lukke for andre sine.
Det er berre å gratulere bygda med den nye barnehagen. Det er også kjekt å sjå at den farlege biten av f.v. 515 snart er historie og at det er lagt til rette for bustadbygging.
Andre ventar på at prioriteringslista endeleg skal ha deira prosjekt på toppen. Sykkelvegen mellom Førland og Tysværvåg hamnar også i den kategorien at mange av dei som ønska seg tryggare skuleveg, både har fått «lappen» og eigne ungar før den blir klar. Nå er det ny skulestart, og me kan på ny lage sak om farleg skuleveg, ting som tar tid og som det aldri blir orden på.
Skal det vere slik?
Eg trur ikkje det finnest ei einaste lokalavis som ikkje ein eller fleire gonger i månaden har saker som omhandlar dette. Me har skrive fleire saker om etterslep både innan bustadutbygging, vegbygging og tryggingstiltak for dei mjuke trafikantane. Det finnest langt fleire prosjekt enn det finnest pengar. Og samstundes som bygdefolket ventar på 500 meter med sykkelveg, så dukkar det opp meir samfunnsviktige prosjekt. Rogfast, Rennfast og motorveg frå Stavanger til Bergen. Heilt klart noko me vil ha, men då blir strekninga Førland – Klovning plutseleg svært så stusseleg. Ikkje for dei som bur der, og som slepp ungar på skulen med hjarte i halsen, men for storsamfunnet som skal finne pengar.
For det skal du merke deg. Det er mykje kjekkare for ein lokalpolitikar å bruke tid og pengar på det som er stort, enn det som forsvinn i skuggen av festen det er å opne signalbygg. Ikkje fordi han eller ho ikkje vil bygdas beste, men fordi dei store prosjekta er så gigantiske at om ein går på ein økonomisk smell og to, så kan dei berre riste på hovudet å seie at slik er det berre.
Og det beste er at det stort sett er stat og fylke som får svi.
Difor blir det ventetid. Ventetid på at nok bilar kjører gjennom bommen på Toskatjørn slik at Haugalandspakken finn midlar til Klovning, Skjoldstraumen og Høievegen.
Og av og til, får me slike gladsaker som ny barnehage, eller ei opning av sykkelveg.
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør