Aleksander Kristoff og Hovedfeltet på veg til Frakkagjerd.
foto: Alf-Einar Kvalavåg
Hovedfeltet på veg til Frakkagjerd i 2014. I år skal dei også nedom Skjoldastraumen.

Stengde vegar og ventetider

Onsdag startar sykkelrittet Tour des Fjords som i år er større enn nokon gong. Det populære sykkelrittet vil få ein del konsekvensar for trafikkavviklinga i Hordaland og Rogaland.

Statens vegvesen oppmodar alle som køyrer i eit område der rittet går, om å rekne seg ekstra god tid. Torsdag kjem dei ein kjapp tur innom Tysvær.
Tour des Fjords startar i Os og går deretter i etapper til Bergen, Stord, Odda, Ulvik, Suldalsosen, Stavanger og Sandnes. Nær 150 sykkelryttarar og ei lang rekke vaktar og servicekøyretøy vil gå gjennom vegnettet som ein samla kortesje heilt frå første til siste etappe.

Ventetid for trafikantar
– Møtande trafikk vert stoppa og samla opp på eigna plassar og kryssande vegar blir stengde. Her kan ventetid bli opp mot ein time. Trafikk bak rittet slepp ikkje forbi og må ligge bak med gjennomsnittsfart rundt 40 km/t, seier Jostein Vandaskog frå Statens vegvesen. Saman med Tour des Fjords har han oversikt over trafikkavviklinga under sykkelrittet som startar i Os utanfor Bergen og skal ende i Stavanger. Han legg til at det og vil vere redusert framkomst i dei ulike start og målområda.

Start frå Os
– I morgon 31. august startar første etappe frå Os sentrum og skal ende i Bergen sentrum. Trafikken på E39 i nordgåande retning går for tida gjennom Os sentrum, og det kan bli ein del kø i startområdet på ettermiddagen. Her må trafikantar rekne med ein ventetid på 30-60 minuttar, seier Vandaskog.

Køyr Vågsbotn før ettermiddagen
Sykkelrittet skal passere Vågsbotn på ettermiddagen, og for dei som skal nordover vil det vere lurt å passere Vågsbotn før klokka 15.30 – etter det kan det bli ein del venting og kø. Trafikken i Bergen sentrum og området Minde og Landås vil sjølvsagt verte påverk, seier han.

Bømlafjordtunnelen tømt for trafikk
– Torsdag starter sykkelrittet sin andre etappe på Stord med mål i Odda. Det vil bli ein del kø og venting i startområdet i Stord sentrum. Sykkelrittet går gjennom Bømlafjordtunnelen om lag kl 13.30 og tunnelen vert tømd for trafikk i god tid før dette. Her må ein rekne med ventetid opp mot ein time, seier Vandaskog.

Fylkesveg stengt i Odda
Når syklistane er på veg mot Odda vert fv. 46 mellom Sandeid og Nedre Vats stengd for trafikk mot Vats om lag mellom kl 14.30 og 16.00.

– I Odda kjem syklistane i mål, og det vil difor verte ein del kø og venting på fv. 550 på Eitrheim i målområdet. Når syklistane kjem til mål om lag kl 18.00 vil fylkesvegen verte heilt stengd i 1-2 timar. Dette kan også få konsekvensar for trafikkavviklinga i Folgefonntunnelen, seier Vandaskog.

Redusert framkomst på rv.13
Tredje etappe går frå Ulvik til Suldalsosen. For å unngå utfordringar med møtande trafikk vil rv. 13 verte stengt for trafikk nordover tidlig på dagen. Det vert ikkje vegarbeid ved Deildo etter kl. 11.30, seier Vandaskog.
Rittet startar i Ulvik kl.12.30 og vil gå over Hardangerbrua og køyrar forbi Odda om lag kl 14.15.
– I denne perioden vil det vere sterkt redusert framkomst på rv. 13 langs Hardangerfjorden. Han seier vidare at på rv. 13 ved Suldalsosen kan det og her verte ein del kø og venting i målområdet. Når rittet kjem til mål om lag kl 18.00 vil rv. 13 verte heilt stengd i 1-2 timar. Gjennomgangstrafikk bør velje andre ruter enn rv. 13 gjennom Ryfylke denne dagen.
På laurdag og sundag går dei to siste etappane i Tour des Fjords i Stavanger.