Ordførarvalet er kanskje det «blodigaste» av kampane i lokalvalkampen. Det er mann mot mann. Som i ein del andre duellar sto ein att med ein vinnar, og ein tapar.
Taparen heiter Ola Apeland, men det er ingen bitter mann eller dårleg tapar som ser tilbake på eit år litt utanfor rampelyset. Heller tvert om.
– Eg gjekk inn for å bli ordførar og hadde tru på det. Men eg hadde ein plan B om det ikkje skulle gå. Eg tapte kampen mot Sigmund Lier, men me har jobba så godt saman dette året at det tapet skal eg kunne leve godt med. Heldigvis hadde eg lang politisk erfaring med meg inn i den ordførarkampen, og når ein snart har 28 år som folkevalt bak seg, toler ein ganske mykje. Men litt bittert var det, og ikkje ein kveld eg minnest med glede, seier Apeland.
Les heile saka i papirutgåva