Auk forskinga og utviklinga av rein energi

Det er ikkje tvil om at vi i dette landet skal nytte oss av energien vi får opp frå Nordsjøen i fleire generasjoner framover.

Samstundes må ikkje dette bli ei sovepute, vi må bruke frå overskotet til forskning og utvikling av nye energiformer -og kjelder.
Om det ikkje er lønsamt å byggje ut nye storskala energiprodusentar i dag, kjem det eit datoskille kor olje og gass ikkje klarer å forsyne oss og andre med den energibruken vi har lagt til vår levestil. Då er det viktig å vere klar til å levera frå andre kjelder.
Det å eksportera det framtidige fornybare energioverskotet vårt til utlandet, for å redusera våre samarbeidspartnarars klimautslepp, vil ikkje generera nye arbeidsplassar hjå oss. Vi må gjere overskotsenergien tilgjengeleg i Norge og det må leggast til rette for å gjere norske investeringar lønsame heime. Vi må utvikle arbeidsplassar i Norge, ikkje eksportera billeg og rein energi til utlandet, så desse kan nytte potensialet i den og bli store konkurrentar til vår eigen industri.
Ei energikjelde som mange ikkje vil diskutera er Hydrogen. Dette på grunn av at nye ting er farlege. Dersom konsesjonsøknadane om å byggje ut småkraftverk hadde blitt behandla med litt romsligheit, som å bygge ein lokal hydrogenfabrikk i forbindelse med desse, hadde det kunnet blitt hydrogenfyllestasjonar rundt om i heile landet. Det hadde gitt arbeidsplassar rundt om og spesielt i grisgrente strøk der desse småkraftverka ville blitt bygde.
Vi må nytte fordelene og muligheitene vi har med vår potensielt enorme energimengde som andre land misunner oss.

Asbjørn Eik-Nes
Leiar av NITO Nord-Rogaland og Sunnhordland