Så då me om sommaren gjekk og tusla på sykkelvegane deira til fots, så fekk me knyta nevar og danske fyord mot oss, fordi me gjekk på feil side av den todelte sykkelvegen. Me rista på hovudet av det, men no ser me kva danskane hadde funne opp.
For konflikten mellom dei på to hjul, og dei med to sko blir stadig meir støyande. I Djupadalen, i turområdet rundt Aksdalsvatnet og rundt Bongsatjørna. Og det er dei med hjul som får kjeft.
Det går for fort, og dei viser ikkje omsyn.
Dette er på mange måtar klassisk. Etter at sykkelbølga kom innover oss med Hårfagrerittet, og «Birken», har talet på syklistar, på og langs vegane, auka kraftig. Det er ein helsegevinst i den eine enden, men eit problem i den andre. For heilt ærleg talt så er dei fleste som syklar svært så forsiktige, både i trafikken og på grusvegar, der det også ferdast folk. Det er dei som «eig alt» som også denne gongen er eit problem. Dei som skal fram, koste kva det koste vil. Som ser på alle andre som er ute og trimmar som eit hinder på vegen. Dei har starta ei klokke, og heilt sikkert ein pulsmålar, som ikkje tåler at den bremsar opp i tide og utide. Me har alle sett dei og me ser at dette fort kan bli eit problem, når folk i alle fysiske former skal ut og trene på dei same strekningane.
Nå har denne diskusjonen gått på Haugalandet i fleire år. Også i Tysvær, faktisk denne veka i våre spalter. Spørsmålet er om det er ei løysing på det?
Eg er redd svaret er nei. Slik vårt løypenett er, så vil syklistar og andre mosjonistar treffe på kvarandre jamleg. Det vil vere høg fart mot rusleturar. Og påstandane står steilt i mot kvarandre. Når dei som går klagar på høg fart, så klagar syklistane på folk som går tur med hundar utan band, eller som ikkje vike til sides når dei ropar ut at dei kjem. Når ein berre les overskrifter, så kan det verke som det er ein krig der ute.
Nå heiter det «sykkel og gangveg» og det er vel eit namn som forklarar det meste. I moderne tider har ein begynt å kalle nokre av strekningane for «turvegar».
Å begynne å lage separate vegar er heilt håplaust og kan ikkje forsvarast økonomisk i eit kommunebudsjett.
Men å vise omsyn for kvarandre, det er heilt gratis. Det er faktisk noko ein også bør gjere når ein ikkje trimmar.
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør