Det er ein kamp

Tysværtunet er eit av landets beste og mest aktive kulturhus. Det har dei bevist over fleire år, og dei gjer alt dei kan innanfor sine budsjettrammer for at tysværbuen skal få eit kulturtilbod heilt i toppen av skalaen.

Det er ikkje lett.
For det første har «Tunet» ein knallhard kulturkamp mot Haugesund kvar einaste dag. Det gjeld alt frå kino til andre kulturtilbod. Det gjeld når ein skal hente dei store framsyningane og dei store artistane. Det seier seg sjølv at dette er ein kamp kor Tysværtunet ofte blir underdogen, dei som må levere litt utanom det som er vanleg, for å få napp. Det har dei klart gjennom knallhard og seriøs jobbing over lang tid. Samarbeidet med Riksteateret er eit godt eksempel på det.
For det andre er tysværbuen vankeleg å tilfredstille kulturelt. Dei er ikkje forutsigbare, og det er vanskeleg å vite kva som vil slå ann. Det er ein kulturhusleiar sitt lodd i livet, og lite å gjere noko med. Men auke i mellom anna kinobesøket over fleire år, vitnar om at me begynner å finne «vår» kino, og legg turen dit når me skal underhaldast frå lerretet.
Den tredje grunnen til at det er ein kamp, mot spesielt Haugesund, er eit «skjenke nei» som har følgt kulturhuset frå dag ein. Eit kulturhus blir aldri ei skjenkestove eller ein pub. Men i dag er det ei forventning om at ein på kulturarrangement kan få kjøpe seg eit glas vin. Slik er det andre stader, mellom anna på Festiviteten i Haugesund, og hos svært mange av kulturarrangørane Tysværtunet kan samanlikne seg med. Erfaringar derfrå seier ingenting om fyll og spetakkel, eller endra drikkemønster.
Men for ein kommersiell arrangør, som skal ha inntekter, og som skal servere ein totalpakke i kulturopplevingar, så er dette eit viktig moment. Lik det eller ikkje.
Når Tysværtunet nå etter alle solemerker får ein prøveperiode med skjenking så er det i mine auge på tide. Forarbeidet, planane og vurderingane som er gjort på kulturhuset, og i kommunen, er så gjennomarbeida at dette ikkje bør kunne støyte nokon av dei andre brukerane av kulturhuset. Kampen, som det har vore, har lenge vore farga av fordommar og steile meiningar, og ikkje sett ut frå kommersiell drift, gode løysingar eller utfordringar som er i bransjen.
Så får tida vise om eit glas og to er det som skal til for at besøkstala på konsertar og andre kulturtilbod vil auke, eller halde seg stabile i åra som kjem. Me tar det som ei sjølvfølge at dei store namna og oppsettingane kjem jamleg til Aksdal. Det er ikkje det. Ein må heile tida vere på.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør