Kinosjef Øystein Simonsen er svært fornøyd med 2016 og gleder seg til året som kommer. 
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Randi Rettedal ønsker å fortsette som listetopp for Tysvær FrP i neste periode.

No blir det skjenking i «Tunet»

Politikarane opnar for skjenking i Tysværtunet. Førre veke stemte formann-skapet for å servere alkohol under «vaksne» arrangement i kulturhuset.

Førre veke vedtok formannskapet ruspolitisk handlingsplan for 2016-2020, der nye retningslinjer for sal og skjenkeløyve er inkludert.
Vedtaket gjer at kulturhuset no endeleg får moglegheit til å skjenke alkohol under arrangement som er mynta på eit vaksent publikum.
– Åh så fantastisk kjekt! Dette blir bra, utbryter kulturhusleiar Øystein Simonsen, då me ringer han og fortel han om det politiske vedtaket.

På tide
Dei har jobba for å få skjenking i Tysværtunet i mange år, utan å få gjennomslag – før no.
– Det er på tide. Me har blant dei beste kulturhusa i regionen, då bør folk få moglegheit til å kose seg med eit glas vin mens dei er på konsert eller anna. Sjå berre korleis det fungerer for eksempel på Festiviteten i Haugesund, kommenterte Ola S. Apeland (H) då plitikarane behandla saka. Mange rundt bordet nikka seg einige med han.
– Så synst eg det er flott at dette blir eit prøveprosjekt, slik at me får sjå korleis det fungerer, la Kristine Aurdal (KrF) til.

Les heile saka i papiravisa

LES OGSÅ: https://tysver-bygdeblad.no/2016/09/22/det-er-ein-kamp/