Det er Pianoklubben som står for lunsjkonserten denne gongen, og konserten er eit samarbeid mellom Tysværtunet, Tysvær Bygdeblad, Munor Musikkselskapet Nordvegen og Tysvær kulturskole.
Klubb for unge pianistar
Pianoklubben er ein gruppe ungdommar som speler piano. Somme er elevar ved Tysvær kulturskole, medan nokre er frå andre stader i distriktet.
– Pianoklubben er eit pilotprosjekt der ein samlar flinke pianistar, og prøver og spele konsert ein gong i månaden. Dei har også andre samlingar der dei til dømes får sjå og høyre andre flinke pianistar, fortel Marina Johansson, som er pianolærar i Tysvær kulturskule. Ho er også pianist i Munor.
Det er sju ungdommar med i Pianoklubben, og fem eller seks av dei skal spele på konserten i morgon. Elevane er i aldersgruppa 7. klasse til 2. vidaregåande.
Kjende tonar
Johansson lovar mykje kjennsleg musikk, som passar for alle.
– Det blir mellom anna noko Bach, musikk frå The Simpsons, ragtimemusikk og noko frå den franske pianisten Satie, opplyser Johansson.
Ho meiner at musikken er lett å høyre på, og trur at dei fleste kjem til å kjenne igjen noko.
Johansson forsikrar at det er dyktig ungdommar som inntar pianokrakken i morgon.
– Dette er pigge, glade ungdommar som også driv med andre ting enn piano, seier ho.
Ho meiner at det er veldig kjekt for dei unge pianistane å få vise kva dei har øvd på for publikum.
Mange timar
– Dei har mange timar på pianobenken, og det blir kjekt for dei å få framføre for andre enn foreldre og søsken, seier Johansson.
Pianoelevane i Tysvær kulturskole har timar på 20 til 30 minuttar med pianolæraren sin, og gjer elles mykje heimearbeid.
– For å bli ein god pianist må ein først og fremst like å spele piano. Eg trur at dersom ein har det gøy, kan ein lære alt, seier ho.
Ho håpar at folk vil ta ein halvtimes fredagslunsj i kaféen på Tysværtunet.
– Konserten varer i omlag ein halv time, slik at ein rekk lunsj og kan gå tilbake på jobb igjen, forklarer ho.
Johansson peikar på at det er eit godt instrument i kaféen i Tysværtunet, og trur sjølv av konserten blir ei kjekk oppleving for tilhøyrarane.
Gratis lunsjkonsert: Lovar kjende tonar
I dag klokka 11.30 er det på nytt duka for lunsjkonsert i Tysværtunet. Der skal unge hender trylle fram pianotonar for tilhøyrarane.