Lytta til folk flest

Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa la denne veka fram sin tankar om ein ny kommunestruktur i Rogaland. Slik skaper både glede og sorg.

Vår kommune kom lite fram i framlegginga. Det var andre samanslåingar som var komme lengre opp på saklista, men ikkje uventa utfordra Meltveit Kleppa, Tysvær og Bokn om å sjå på ei friviljug samanslåing. Ho vil at dei skal starte samtalar på nytt, og sjå korleis ei framtidig samanslåing kan skje.
Det som blei lagt fram sendte nye mørke skyer inn over regjeringa si storstilte plan om færre kommunar. Og det var eit nytt døme på at dette arbeidet ikkje held mål. Det har vore for dårleg planlagt frå dag ein. Korleis i all verda Jan Tore Sanner og dei andre, som hadde ein plan om dette, har tenkt, får me nok aldri vite.
Dei står fram nærast sjokkerte over at lokaldemokrati og lokalt engasjement finnest i dette landet. At dei heller ikkje får meir støtte frå fylkesmannen i eit av landets største og viktigaste fylker, må vere ein ny tung nedtur.
Det kan virke som at Meltveit Kleppa har lytta meir til det som har skjedd rundt om i kommunane, enn til det regjeringa ønskja. Regjeringa ville nok ha håpa på ein knallhard dom frå fylkesmannen kor kommunestrukturen blei lagt ut frå deira ønskjer, og ikkje folkets.
Nå er det opp til Stortinget å avgjere dette, men ei så skadeskutt skute som kommunereforma er, kan ikkje segle vidare til evig tid. Her må noko endrast og det radikalt. Kapteinen må skiftast ut, og planlegginga må starte på nytt. Millionane renn nå ut og nei-resultata renn inn.
At Vindafjord og Etne også sa nei, er eit nytt døme på at ingenting er ei sjølvfølgje. Debatten «innaføre» har dreidd seg om alt det som betyr noko for den enkelte veljar. At lokalpolitikarar og sentrale politikarar fnys av dette, viser berre kor vanskeleg det er å ikkje gå i takt med folket. Og eg meiner mykje av denne utakten skuldast dårleg planlegging, dårlege strategiar og uklare hensikter. Det gjer at folk stemmer nei, og heller stoler på det som er, framføre det som eventuelt kjem.
Det er signal politikarar på Bokn og i Tysvær må ha med seg inn i nye samtalar. Og som det så korrekt blei sagt av ordførar Sigmund Lier; Me skal ikkje ha Bokn inn i Tysvær, me skal ha ein ny kommune som inkluderer Bokn og Tysvær.
Så får me sjå om dei lukkast med det.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør