– Eg fekk ein telefon om at det var fanga ei gjedde på 35 centimeter i Storavatnet. Det er ei ung gjedde og me veit ikkje om den er komme der gjennom gyting, eller om nokon er så «galne» at dei har satt den ut. Den har ingenting i Tysvær-vatn å gjere, og sjølv om me ikkje har direkte interesser i dette vatnet, så stiller me oss til hjelp for grunneigarane, seier Jan Inge Hammer i Tysvær Jeger og Fiskerforening.
Han har nå kontakta fylkesmannen, som meiner det ikkje er grunn til «panikk» på nåverande tidspunkt. Men han vil kontakte grunneigarane for vidare planlegging.
– Det var det han sa då eg kontakta han, og det er på mange måtar sikkert ei rett vurdering. Grunneigarane har jobba hardt over fleire år med å fiske ut vatnet for å auke størrelsen på auren, og var på god veg til å lukkast. Vatnet har en storleik på mellom to og tre kvadratkilometer, rundt 90 meters djupne på det meste, og har i fleire år fungert som mellom anna prosessvasskjelde for Kårstø-anlegget. Så dette er berre trist, seier Hammer.
Les heile saka i papirutgåva