Kinosjef Øystein Simonsen er svært fornøyd med 2016 og gleder seg til året som kommer. 
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Randi Rettedal ønsker å fortsette som listetopp for Tysvær FrP i neste periode.

– Sør ser mot nord

Det er enda fleire år til Rogfast er på plass. Likevel har interessentar frå sør-fylket allereie opna augo for Tysvær og kontakta ordførar Sigmund Lier.

– Når Rogfast opnar så vil det opne seg store moglegheiter for heile Haugalandet. Allereie når Rogfast er bestemt og anlegget er i gang, vil me sjå at både private og bedrifter retter blikket nordover. Me i Tysvær har dei beste næringsområda i Rogaland og er i tillegg svært sentrale i plasseringa heilt inntil E39. Eg opplever allereie å bli kontakta av personar i sør-fylket som ser nordover, nikkar Lier.
Auke
Når det blir landfast til Stavanger, trur også ordføraren at me vil sjå ei endring i arbeidsmønsteret og oppleve ei befolkningsauke.
– Haugalandet jobbar allereie saman og prøver å posisjonere seg i forhold til dei muligheitene som kjem. Det vil vere viktig at me held fast på intensjonane for Haugaland Næringspark og ikkje lagar til konkurrerande områder for storindustri. I tillegg vil me sjå eit heilt anna arbeidsmønster ved at me lettare kan dagpendle til jobb begge vegar. Eg trur me vil oppleve ei befolkningsauke, seier han.
Varaordførar Ola S. Apeland er einig;
– Rogfast knyt heile Haugalandet til ein stor felles bu- og arbeidsmarknad, der store deler av fylket inngår. Dette betyr fantastiske muligheiter for næringsparkane våre, næringslivet i regionen og kvar enkelt av oss – som blir ein del av ein stort arbeidsmarknad med 45-60 minuttars reiseavstand til det meste, kommenterer han.

Les heile saka i papiravisa