– Neo Design er ei verksemd som blei starta heime i ein garasje. Nå har me flytta til Aksdal i Aksdal Bil sin tidlegare lokale. Med opplæring frå The Concrete Countertop Institute i USA, består verksemda av to personar med forskjellig bakgrunn og erfaring. Saman er me eit godt team, som vil gjere GFRC kjent for den norske marknaden, seier Johan Langfeldt og Irene Haldorsen.
Og då kjem sjølvsagt spørsmålet med ein gong.
–Kva er GFRC?
– GFRC er ei forkorting og står for «Glas Fiber Reinforced Concrete». Det betyr at det i es-sensen er betong med ei heil rekkje fordeler som ein ikkje finn i konvensjonell betong. Den største fordelen med GFRC er styrkeforholdet kontra vekt. Fordi GFRC er forsterka og har ei litt anna kjemisk samansetning, vil den ha ein mykje lettare eigenvekt og produkta vil også være tynnare.
Valmulegheiter
Det er ikkje berre vekta på produkta som gjer dette konkurransedyktig.
– Nei, for ein annan stor fordel er dei forskjellige teknikkane som kan nyttast i produksjon. Den kan sprøytast, pakkast for hand eller våtstøypast på vanlig måte. Uansett kva teknikk som blir brukt, vil GFRC oppnå større styrke, òg den vil herde på kortare tid en vanlig våtstøypt betong, seier Haldorsen.
I lokala i Aksdal viser dei to fram fleire av produkta dei kan lage på eit relativt lite areal.
– GFRC blir støypt i form, enten den er ein liten pyntegjenstand, servantbenkeplate til bad eller kjøkken, eller det er ein utepeis med vasspegel. Her er det nesten ingen grenser for valmuligheiter, både kva produkt ein ønsker, kva farge, eller rett og slett kva struktur ein ønskjer at overflaten skal ha. Me trur at denne fleksibiliteten vil gi oss ein innpass i marknaden, seier Johan Langfeldt.
Les heile saka i papiravisa