Då ordførar Sigmund Lier blei merksam på saka, oppmoda han gruppeleiarane i dei politiske partia i Tysvær om å ta ein runde i gruppene sine for å finne ut om nokon fleire er involvert.
– Eg har ikkje fått indikasjonar på at det er fleire politikarar som er involvert i dette. Eg kan sjølvsagt likevel ikkje fastslå at det er slik, men håper at det er rett, seier Lier.
Heile Haugalandet
Det var torsdag førre veke at politiet aksjonerte og pågreip totalt åtte etniske nordmenn i 40-50 åra i smuglarsaka. Høyre-politikar Ole Bjelland har valt å stå fram i Haugesunds Avis og fortelle om si deltaking i saka. Han er sikta for heleri. I alt er åtte personer sikta.
Dei andre dette omfattar er ikkje kjent. Politiet skal ha kjent til smuglinga ei stund og valte no å slå til. Torbjørn Nervik i politiet påpeiker at saka omhandlar mange personar og trass i at utspringet kjem frå Tysvær, er folk frå heile Haugalandet involvert.
Dei som sjølve meldte seg og forklarte si rolle i smuglarsaka, blei lova godvilje frå politiet.
– Dei gjer det ikkje berre lettare for oss, men også for seg sjølve, kommenterte Nervik.
– Kontakt politiet
Dei som er sikta er det for heleri av tollbelagte varer. Dei skal over ein lengre periode, ha importert og seld øl for store verdiar. Ifølgje Ole Bjelland skal dei utanlandske smuglar-ølboksane ha blitt meir og meir vanlege å sjå i festlege lag. Om dette stemmer er det ein ukultur som må stoppast, meiner ordførar Lier.
– Om me har ein slik ukultur i Tysvær så må me få bukt med han. Det er på ingen måte greitt at slikt skjer. Det er viktig at me får alt på bordet no, og har folk tips eller veit noko så må dei kontakte politiet, påpeiker han, som sjølv har hatt det travelt med å snakke med folk og svare på spørsmål frå media siste veka.
Ole Bjelland har søkt om fritak frå sitt politiske verv mens denne saka pågår. Søknaden hans skal bli behandla bak lukka dører i formannskapet og kommunestyret om kort tid.