Joggedag på Førre skole. Foto: Mona Terjesen
Joggedag på Førre skole. Foto: Mona Terjesen

Jogga inn nesten 70.000!

I strålande solvêr jogga elevane på Førre inn rekormange pengar for demenssaka førre veke.

Det var klart for den årlege joggedagen for eit godt formål førre veke.
Fredag besøkte me Førre skole då dei skulle jogge til inntekt for demenssaka.
– Me er så glade og takksame for at Førre skole ønskjer å jogge til inntekt for vår sak, seier leiar i Haugaland Demensforeining Astrid Håland.
Dei var til stades på joggedagen, der dei mellom anna serverte elevane frukt mellom rundane.

Ringte sjølve
Elevrådet hadde sjølve tatt telefonane til sponsorane for å få inn pengar til innsamlingsaksjonen.
– Det var litt skummelt i starten, men så gjekk det seg til. Dei aller fleste har vore svært positive og gitt oss bidrag, fortel Miriam Susort frå klasse 6B.
– Det har visst aldri vore så mange sponsorar med før, legg Håvard Halleland (7A) til.
– Det går jo til ei god sak, så det er flott at folk vil hjelpe. Nokre måtte me sende mail til for å gi litt ekstra informasjon, men dei fleste visste kva det gjekk i, nikkar Vegard Bygge-Jensen (6A).

Rekord
Og i tillegg til at sponsorane var på den gåvmilde sida, gjorde elevane jobben sin – til gangs.
– Eg trur jammen at det flotte vêret og den gode oppslutninga frå sponsorane og lokalsamfunnet, gav oss innsamlingsrekord eg, fortel Linda M. Kornbråten som er kontaktlærar for elevrådet.
Etter ei kjapp gjennomrekning på fredagen etter løpet, kjem ho fram til at Førre skole har samla inn nesten 70.000 kroner!

Se alle tala til Førre skole i vekas Tysvær Bygdeblad